SIMASkompost

Me har mykje god kompostjord, eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala.

Kompost privat

For deg som treng mindre mengder kompost (under 10m3) til bruk i hage og grønsakshagar.

Kompost proff

For deg som treng kompost i større mengder (over 10m3) til bygg og anlegg, eller større private prosjekt.

Kompost landbruk

For deg som treng kompost til dyrking og har fokus på matsikkerheit.

Kvifor nytte SIMASkompost?

  1. Eit rimeleg og effektivt verktøy for å få frodig vekst.

  2. Rik på karbon, mikroorganismar og næring som er positivt for jordsmonnet.

  3. Fri for store steinar og ugras. Komposteringsprosessen vil normalt ta knekken på ugrasfrø og snigleegg.

  4. Torvfritt og miljøvennleg. Dette er gjenbruk av hage- og matavfall frå abonnentane våre.

  5. Gir tørkesterk jord.