Slamrenovasjon

SIMAS har ansvar for slamtømming i kommunane i Sogn. Miljøservice står for slamtømminga. Ta kontakt med SIMAS vedkommande slamtømming.

  • SIMAS: 57 65 70 70

  • Vakttelefon slamrenovatør: 90 87 51 11 (ved ekstra-/nødtømming utanom arbeidstid)

Prisar slam

Ekstra-/nødtømming

Treng du tømming utanom ordinær tømmefrekvens, vil dette vera ei tilleggsteneste frå SIMAS.

  • Nødtømming: Dette er tømming av slamtank som må skje innan 24 timar, eller som må skje før neste periode renovatøren har anna tømming i området.

  • Ekstratømming: Dette er tømming av slamtank som kan skje utanom ordinær tømmefrekvens, når renovatøren er i området og maks 5 km frå område der dei utfører ordinær tømming.

Næringskundar

Kommunale avgiftar for slamtømming

Luster kommune

Kontrollgebyr slam: 513 ,- per år.

Luster kommune har vedteke ei lokal forskrift Gebyr for sakshandsaming og kontroll av avløpsanlegg som dekkar private og spreidde avløpsanlegg. Denne forskrifta gjev heimel til kommunen å krevje inn eit kontrollgebyr for desse avløpsanlegga, som finaniserer kommunen sitt tilsynsarbeid. Private avløpsanlegg representerer eit potensiale for ureining og kommunen pliktar å ha tilsyn og kontroll med dette fagområdet, og om naudsynt pålegge eigar av anlegget tiltak.

Dette tilsynsarbeidet er starta opp, og alle som har slamtømming vert fakturert ein sum som går til kommunen.

 

Kommunalt tillegg slam kr. 77,63.

  • Publikumsmottak inkl. registrering i KomTek og sjekk av KomTek-opplysningar

  • Kostnader med abonnement og lisenser KomTek og GIS

Lærdal kommune

Slam: kr. 260 inkl. mva. pr. eining pr. år for 2025.

Har du spørsmål knytt til dette, ta kontakt med Lærdal kommune.

Søke fritak frå slamrenovasjon?

Det er mogleg å søke om fritak frå slamgebyr dersom slamtank er fysisk kopla frå bygningar på eigedommen, eller anboringspunktet er plombert. Dette må vere utført før du kan søke.

Du finn søknadsskjema her

Slam - ofte stilte spørsmål