Utlevering av bioposar og plastsekker

Alle husstandar får utlevert plastsekkar til plastemballasje ein gong i året. Om du treng nye posar til matavfall, knyt ein pose på behaldaren, så får du ny rull av renøvatøren.

I 2024 er det utlevering av plastsekker i veke 8 og 9.

Alle husstandar får utlevert bioposar og plastsekkar ein gong i året.

Vanlege spørsmål

  • Kvar husstand har rett på ein rull med plastsekkar kvart år.

  • Plastsekkar blir levert ut gratis ein gong i året. Utlevering er vanlegvis rundt februar/mars. Dette kan endre seg frå år til år, så følg med i avfallskalenderen.

  • I mange tilfelle er det fleire husstandar som deler avfallsdunk. Då har ein framleis krav på ein rull med plastsekkar per husstand.

    Men hugs at det ikkje alltid er like lett for sjåføren å vite kor mange rullar du skal ha dersom du deler dunk med fleire.

  • Nei, du vil ikkje få utlevert rullar viss avfallsbehaldaren ikkje står ute på tømmedagen. Sjå neste spørsmål.

  • Om du har behov for fleire rullar med plastsekkar, kan du kjøpe dette på miljøstasjon.