Med appen Min Renovasjon har du alltid full kontroll på tømmedagane.

Har du prøvd appen vår Min renovasjon? Den varslar deg når avfallet vert tømd på adressa di og fortel kva behaldar du skal setje ut.

Du kan også gjennom “Mi side” melde om skade på behaldar, eller styre ditt abonnement ved å bestille ein ny behaldar med større eller mindre volum.

Last ned:

Google PlayAppstore

Tømmekalender med varsling

  • Sjå datoar for neste tømming rett på mobilen.

  • Få oversikt over kva dunk som blir henta når.

  • Slå på varsling (til dømes kvelden før) – så får du ei påminning om å setje fram dunken.

Hugs: For at varslinga skal fungere, må du ha siste versjon av appen og vere tilkopla nett på varslingstidspunktet.

Fordelar med Min Renovasjon

Med appen får du meir enn berre tømmekalender:

📅 Varslingar rett på mobilen – også ved endringar på grunn av heilagdagar.

🚛 Meld frå om manglande tømming direkte i appen – vi svarer vanlegvis same dag eller neste yrkedag.

♻️ Sorteringsguide som viser kva som høyrer heime i kva behaldar.

🗺️ Returpunkt og miljøstasjonar – finn næraste returpunkt og sjå opningstidene på miljøstasjonane.

💡Du kan òg bruke tømmekalenderen som ligg på framsida vår.

Nytt appen Miljø ID når du besøker miljøstasjonane våre

Me har innført tilgangsbevis (Miljø ID) for å levere avfall på miljøstasjonane til SIMAS. Dette gir deg en gratiskvote på 3 kubikk kvart år.

Tilgangsbeviset får du ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som du kan bestille hjå SIMAS.

Last ned appen frå Google Play eller AppStore.

  1. Logg inn ved å identifisere deg med BankID.

  2. Del eventuelt tilgang til eigedom med andre i hushaldninga.

Har du ikkje smarttelefon? Ring oss for å få tilsendt fysisk tilgangskort.

Mobilvisning av miljøID appen