Takhagen på ViteMeir spirer og gror med SIMASkompost

Førre haust blei det anlagt kjøkenhage på ViteMeir. Dei nytta kompost frå SIMAS og kan no hauste både frukt, bær, grønsaker og urter.

Brokkoli og lavendel er noko av det som gror på ViteMeir.

Vitensenteret ViteMeir sin kjøkenhage ligg på takterassen på toppen av bygget, med utsikt over store delar av Kaupanger. Den blei anlagt som prikken over i-en på eit sirkulært prosjekt med sjølvkompostering.

– Kompostjorda har fungert kjempebra, fortel Heidi Breili Bøthun ved ViteMeir. Ho har vore ein av initiativtakarane bak kjøkenhagen.

– Det er blitt så grønt og fint, til tross for den sommaren me har hatt her. Eg fann til og med makk i jorda når me planta!

Les også: SIMAS-kompost på plass hjå ViteMeir

Tradisjonelle og eksotiske vekstar

I takhagen dyrkast ei rekkje urter, fleire ulike bær, grønsaker som brokkoli og hovudkål, og frukt som epler og pærer. Men her er óg meir eksotiske vekstar som mais, gojibær og lavendel.

–Me har hausta masse brokkoli allereie, og gjestane har fått gleda av jordbær gjennom sommaren. Me har servert grønkålchips på partnartreff og det kjem ganske mange epler på trea allereie det første året. Snart skal me óg ha ein lunsj der me vil servere mykje som blir hausta frå takhagen, fortel Breili Bøthun.

Slik såg takhagen ut i august 2022 då komposten var på plass.

Det spirer og gror på same plass eitt år seinare.

Gjenbruk av gode råvarer

Komposten som er nytta på ViteMeir er eit resultat av våtorganisk avfall som blir kasta av SIMAS-abonnentane i Sogn. Avfallet blir blanda med hageparkavfall, lagt opp i rankar og tatt gjennom ein godkjent komposteringsprosess.

Dette gir ein god og næringsrik kompostjord som er eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala.

Ut oktober 2022 er det 50 % rabatt på all kompostjord hjå SIMAS.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Møt traineen vår Jørn

Neste
Neste

Fyll på med kompostjord i hagen