Farleg avfall

Farleg avfall er avfall som ikkje skal handsamast saman med det ordinære avfallet, fordi det inneheld miljøgifter (helse- og miljøfarlege stoff) og kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr.

Privatkundar kan levera inntil 1000 kg farleg avfall gratis på miljøstasjonen.

Det er forbode å kvitta seg med farleg avfall på andre måtar enn å levera det til godkjent mottak. Våre miljøstasjonar har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall.

Farleg avfall er til dømes:

  • Spillolje

  • Maling, lim og lakk

  • Sprayboksar

  • Løysemiddel, frostvæske og kjølevøske

  • Vaskemiddel

  • Batteri

  • Syrer og basar

  • Plantevernmiddel

  • Lysstoffrøyr, sparepærer og lyspærer

  • PCB

  • Asbest og eternitt

r%C3%B8d-bosk-farlig-avfall.jpg

Oppsamlingsboks for farlig avfall

Alle private kundar kan hente ein raud oppsamlingsboks for farleg avfall på næraste miljøstasjon, gratis. Når boksen er full kan de ta med boksen tilbake til miljøstasjonen og levere den til ein operatør som sorterer innhaldet. Ta med ein ny boks heim.

Ordninga gjeld for alle med privatabonnement hjå SIMAS, hushaldning og fritid.