gratiskvote med Miljø ID

Dersom du skal levere avfall på miljøstasjonen, må du kunne identifisere deg med miljøID. Tilgangsbeviset får du ved å laste ned appen MiljøID på telefonen, eller ved å nytte fysisk kort som du kan bestille hjå SIMAS.

For private hushaldningsabonnentar gir dette deg en gratiskvote på 3 kubikk kvart år, for abonnentar med hytte- og fritidsrenovasjon får de ein gratiskvote på 1,5 kubikk årleg.

Fyll inn skjema for å bestille eit fysisk miljø ID kort. Kortet følgje eigedommen og ikkje eigaren, ved sal av eigedom følgje kortet med eigedommen. Dersom du har mista kortet ditt kan du bestille nytt for 200 kr.

Mobilvisning av miljøID appen

Slik gjer du

Privat

  1. Last ned appen frå Google Play eller AppStore.

  2. Logg inn ved å identifisere deg med BankID.

  3. Del eventuelt tilgang til eigedom med andre i hushaldninga.

Har du ikkje smarttelefon? Ring oss for å få tilsendt fysisk tilgangskort.

Næring

For tilgang via app: Klikk på lenka under og send inn e-postadresse til kontaktpersonen i verksemda. Denne personen kan så delegere tilgang vidare til andre tilsette.

Ynskjer di verksemd kort i staden for/i tillegg til app? Ring oss for å få tilsendt fysisk tilgangskort (kr. 200,-).

Ofte stilte spørsmål