Hageavfall og framande artar

Kvar gjer du av hageavfallet og korleis skal du handtere svartelista artar?

  • Hageavfall er gratis å levere på våre hageavfallsplassar (sjå liste under).

  • Svartelitsta artar må du vere obs på. Desse skal ikkje kastast i lag med vanleg hageavfall. Pakk det i ein tett pose og lever på miljøstasjonen. Har du plass i restavfallsdunken din heime, kan du hive svartelista artar der. Ved å nytte tett pose, kan du hindre at plantar frå hagen din truar det biologiske mangfaldet. 

Her kan du levere hageavfallet ditt

  • Aurland: Sogn Jord og Hagebruksskule

  • Høyanger: Vadheim miljøstasjon

  • Leikanger: Kvålen (miljøstasjon)

  • Luster: Luster Miljøpark. Sjå opningstider.

  • Lærdal: Bergo

  • Sogndal: Festingdalen miljøstasjon. Sjå opningstider.

  • Vik: Vange

Hugs at det er forbode å dumpe hageavfall i naturen.

Dei største truslane mot biomangfaldet

Spreiing av framande artar/hagerømlingar vert både globalt og nasjonalt sett på som ein av dei største truslane mot biomangfaldet. Mange av artane med høg risiko for å ta over stadeigne artar er importerte hageplantar som spreier frøa sine med vatn, vind eller ved flytting av jord og hageavfall. 

Døme på plantar som truar det biologiske mangfaldet:

  • Kjempespringfrø – spreier seg lett langs vassdrag, fortrenger andre plantar og bidreg til erosjon.

  • Parkslirekne/kjempeslirekne – formeire seg med rotskot og stengelbiter og fortrenger andre plantar. Røtene kan veksa 3 meter nedover og 10 meter bortover!

  • Kjempebjørnekjeks/tromsøpalme – fortrenger andre plantar og har giftig plantesaft. Kvar plante kan produsera 50.000 frø!

  • Hagelupin – fortrenger andre plantar og endrar jordsmonnet. Frøa kan overleve 50 år i jorda!

Ver også obs på desse: Kanadagullris, russekål, gravmyrt, fagerfredløs, russesvalerot.

Korleis ser dei ulike artane ut?

Hjå Hageselskapet kan du sjå bilete og kjenneteikn på plantene.  Dei har også beskrive korleis du kan bekjempa plantene.