Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa forklarer kva slags personopplysningar me samlar inn og korleis me bruker dei.

  • Eigar av denne nettsida er:
    SIMAS IKS,
    Festingdalsvegen 368,
    6854 Kaupanger.
    Tlf: 57 65 70 70. E-post: post@simas.no.
    Vårt org. nr er: NO 974 888 076

  • I samband med kundeforhold må vi hente inn opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnummer, personnummer, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon knytt til utføringa av tenestene frå SIMAS. Dette er opplysningar vi nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Du har rett til å krevje innsyn og retting av data vi har lagra om deg. Etter avsluttande kundeforhold, vil vi ta vare på data så lenge det er nødvendig, og for å kunne hjelpe deg med eventuell historikk, om du skulle ha behov for det.

  • SIMAS IKS er ansvarleg for innhenting av hushaldningsavfall og berekning av avfallsgebyr i kommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal og Vik. For å kunne utføre tenesta og sikre at gebyret blir riktig og sendt til rett adresse, nyttar vi opplysningar henta ut frå eigedomsregisteret til Kartverket. Vi nyttar personnummer for å sikre at vi hentar rett informasjon frå andre statlege og kommunale register. Personopplysningar i form av til dømes søknadar eller mail kan òg bli lagra i kunderegisteret dersom dette er relevant for utføring av renovasjonsarbeidet eller utrekning av avfallsgebyret.

    Grunnlag for å samla inn opplysningar som er nødvendige for å utføra ei oppgåve i allmenn interesse eller utføra offentleg myndigheit som den behandlingsansvarlege er pålagt, følgjer av GDPR artikkel 6 nr 1 bokstav e og det er ikkje påkravd særskilt samtykke for å registrere opplysningane i vårt kundesystem.

  • SIMAS IKS gir ikkje ut personopplysningar til andre enn den opplysningane omhandlar. Unntak frå dette kan skje dersom:

    • du har gitt SIMAS IKS løyve til å gi ut opplysningane.

    • vi får pålegg frå myndigheit eller domstol.

    • selskap som hjelper SIMAS IKS i å utføra tekniske eller administrativ drift treng opplysningane for å utføra arbeidet sitt.

    Selskap som fell under det siste punktet i lista er underlagt avtalar om teieplikt samt databehandlaravtalar som sikrar at opplysningane er lagra på ein sikker måte og dermed ikkje kjem på avvegar. Døme på selskap som hjelper SIMAS IKS er slamrenovatør, som utfører slam tømmingar, og kredittselskap som tek seg av inkassovarsel.

  • SIMAS nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

  • Eigar: Squarespace/Google Analytics

    Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

    Eigar: Facebook/Instagram

    Føremål: Samlar informasjon om besøkande for å tilpasse informasjon/marknadsføring på Facebook.

    Eigar: Youtube

    Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

  • Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Limkedin). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

  • Etter personvernreglane har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningane som er registrert om deg, samt krav om retting eller sletting av mangelfulle eller uriktige opplysningar.

    Krav om innsyn eller retting kan gjerast ved å ta kontakt med SIMAS på post@simas.no.

  • Vi har gjennomført organisatoriske og tekniske rutinar og tiltak som skal sørgje for at dine personopplysningar ikkje kjem på avvege, ikkje vert endra utilsikta, og at dei er tilgjengelege ved behov.

  • Direktør i SIMAS IKS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontroll med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til ein kvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern i Noreg.

    Har du spørsmål, ta kontakt på post@simas.no

    Vi vil oppdatere personvernerklæringa dersom det er endringar i vår behandling av personopplysningar eller endringar i personvernregelverket. Endra personvernerklæring vil i slike tilfelle bli publisert på simas.no