40 lastebillass med SIMASkompost til Flåm

Jan Inge Magnussen (arbeidsleiar Aurland kommune), Jon Olav Stedje (prosjektleiar Aurland kommune), Thomas Solsvik Bakke og Arild Lid i Voss Hage og Anlegg AS.

Jan Inge Magnussen (arbeidsleiar Aurland kommune), Jon Olav Stedje (prosjektleiar Aurland kommune), Thomas Solsvik Bakke og Arild Lid i Voss Hage og Anlegg AS.

Flåm hamn har oppgradert grøntanlegget sitt, med 40 lastebillass med SIMASkompost.

Aurland kommune og Flåm hamn har leigd inn Voss Hage og Anlegg til å fikse heile grøntområdet ned mot fjorden. Flåm hamn nytta anledninga til å forbetre området i år, då det ikkje kjem så mange turistar som vanleg.

Dei har i den anledning valt å nytte SIMASkompost som underlag under heile plenen i alle bed. Det har resultert i 49 lastebillass med kompostjord frakta frå Festingdalen.

– Eg er veldig stolt. Dette var eit naudsynt tiltak for å løfta heilskapsinntrykket av området. Dette er ein plen som sommartid ofte vart brunsvidd. Årsaka er at det berre var eit tynt jordlag som vart lagt oppå utfyllingsmasse i høve utbygginga av området. Kvar einaste sommar har det vore eit stort problem, fortel prosjektleiar Jon Olav Stedje til Sogn Avis.

Fornøgd med kompostjorda

Voss Hage og Anlegg har oppgradert parkområdet og er veldig positiv til SIMASkomposten. Dei fortel at det er kjekt å jobba med og påpeikar at kvaliteten er lik gjennom heile mengda med jord.

– Det vises att på plenen. Det er jamn og fin groing over heile parken, fortel Thomas Solsvik Bakke.

– Me brukar kompost på dei fleste hagane me lagar. Det går så mykje meir radig å leggja det ut, og du får den jamne kvaliteten med ein gong. Det er også ei svært næringsrik jord som krev mindre gjødsling etterpå, legg han til.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sikre deg kompostjord på hagedagen 5. juni

Neste
Neste

No kjem den fjerde dunken til Kaupanger