SIMAS-kompost på plass hjå ViteMeir

Kompost takterrasse ViteMeir 2_web.jpg

På det nye vitensenteret ViteMeir blir det kjøkenhage og dyrking av bær, frukt og grønt til store og små. Då er det ekstra kjekt at dei har vald kompost frå SIMAS til prosjektet.

ViteMeir sin nyleg anlagde kjøkenhage ligg på takterassen heilt på toppen av vitensenteret, med utsikt over store delar av Kaupanger.

– Kongstanken er at Takhagen skal vera prikken over i-en på vårt sirkulære prosjekt med sjølvkompostering, fortel dagleg leiar Erlend Fardal Lunde.

– På den måten kan baguettrestane bli til ei ny tomat, og me får eit meir sirkulært bygg, forklarar han.

Alt skal kunne etast

Vitensenteret ViteMeir opnar 11. november 2021, så det blir nok ikkje dyrka så mykje heilt med ein gong. Men Fardal Lunde har klare meiningar om kva det er som skal dyrkast på sikt:

– Alt som skal dyrkast her skal kunne etast. Det blir altså ingen prydbusker, men frukt- og bærbusker.

– Området er under utvikling og me håpar å vidareutvikle det år for år framover.

I utforminga av den nye kjøkenhagen har ViteMeir fått god hjelp av Arkitektkontoret 4B ved Heidi Kathrin Osland. Resultatet er ein stor og flott kjøkenhage som skal nyttast til glede for store og små.

Gjenbruk av gode råvarer

Komposten som er nytta på ViteMeir er eit resultat av våtorganisk avfall som blir kasta av SIMAS-abonnentane i Sogn. Avfallet blir blanda med hageparkavfall, lagt opp i rankar og tatt gjennom ein godkjent komposteringsprosess.

Dette gir ein god og næringsrik kompostjord som er eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala.

>> Finn ut meir om kompostjord frå SIMAS

Kompost takterrasse ViteMeir_web.jpg
Kompost takterrasse ViteMeir3_web.jpg
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Har fått kjeft for fargen på boscontaineren - no gir han seg

Neste
Neste

Stort engasjement på Gjenvinnerdagen