SIMAS Ombruk

Ved å bruke om igjen i staden for å kjøpe nytt, reduserer me uthenting av nye råvarer. Det gjer godt for kloden vår!

SIMAS arbeider for å endre lokalsamfunnet mot ein meir sirkulær økonomi. Me har spesielt stort fokus på auka ombruk og materialgjenvinning av naturressursar. Og her kan du bidra!

“Me vil leggje til rette for meir ombruk i Sogn”

Besøk ombruksbua på miljøstasjonen din

På alle miljøstasjonane våre finn du eigne ombruksavdelingar.

Neste gong du er innom, kanskje noko kan setjast igjen der slik at andre kan få nytte av det?

Det er óg heilt gratis å plukke med seg ting frå ombruksavdelinga.

Finn nærmaste miljøstasjon her 

Me oppdaterer jamnleg SIMAS Ombruk på Facebook, der kan du sjå kva som finst på dei ulike miljøstasjonane.

Ombruksbutikk i Sogndalsfjøra

SIMAS ønskjer å leggje til rette for meir ombruk i Sogn. Me leiger no ein avdeling hjå Poden & Boden på Amfi Sogningen, kor me sel produkt som kjem inn til ombruk på miljøstasjon. På denne måten kan tinga få nytt liv, i staden for å bli kasta.

Prosjektet er finansiert av midlar frå Fylkeskommunen for berekraftig stadsutvikling og er eit samarbeid mellom Sogndal kommune, Sogn næring og SIMAS IKS.

Kart: Reparasjon og ombruk i Sogn

Lyst til å reparere, leige eller kjøpe brukt? Dette kartet samler alle tilbod i Sogn på ein plass.

Bruk kartet direkte på nettsida her, eller klikk her for å opne kartet i ny fane.

Nyheiter innan ombruk