Skuleklassar
SIMAS ynskjer årleg skuleklassar frå Sogn velkomne på besøk til anlegget vårt i Festingdalen og til Vitemeir for lek og læring. Opplegget på Vitemeir er utforma slik at borna skal tilegne seg kunnskap om kvifor kjeldesortering er nyttig for samfunn og natur. Omvising på anlegget i Festingdalen skal gje borna eit innblikk i korleis det dei kastar heime blir handtert og gje dei eigarskap til sitt lokale miljø-, avfall- og renovasjonsselskap.
Før de kjem på besøk, bør de ha hatt om kjeldesortering i undervisinga. LOOP har laga eit undervisningsopplegg som me anbefalar å nytta.
LOOP er ein stiftelse som har som hovudoppgåve å vera ein pådrivar og koordinator for kommunikasjonen om kjeldesortering og gjenvinning i Noreg.
På LOOP sine nettsider kan de tinga gratis undervisingsmateriell som arbeidshefte, cd og dvd som kan nyttast i undervisinga. Her er mykje god informasjon om kjeldesortering og gjenvinning.
Har de spørsmål er det berre å ta kontakt med SIMAS.