Prisar hytterenovasjon

SIMAS tilbyr henting av avfall til dei som har fritidseigedom i alle kommunane våre.

Me vil sikre at avfallet ikkje dreg på avvege og vert liggande att i naturen.

Som abonnent med renovasjon av hytte- og fritidseigendom får du ei gratiskvote på 1,5 kubikk du kan levere på ein av våre miljøstasjonar. For å benytte deg av gratiskvota må du lasta ned appen Miljø ID. Her finn du meir informasjon om app og kvote.

Returpunkt for hytter og fritidsboligar

Simas IKS har ansvaret for avfall fra husholdninger og hytter/ fritidsboliger i 7 kommunar i Sogn. Det er eigne returpunkt for hytterenovasjon i kommunane Høyanger, Vik, Sogndal, Luster, Lærdal, Aurland, Årdal og du kan levere avfall på alle returpunkta uavhengig av korleis kommuner du har hytte/fritidsbolig i. Plassering finn du på sortere.no eller på simas.no/hytterenovasjon. Returpunkta er beregna på det daglige avfallet fra hytteoppholdet (hushaldningsavfall), ikke større gjenstander, desse må leveres på våre miljøstasjonar.

Tilrettelegging for sortering

Simas IKS har mange små og uegna returpunkt uten kildesortering. Det er no starta arbeid med å kunne tilrettelegge for kildesortering på returpunkta. For å kunne ta imot og hente fleire avfallstypar må me fjærne mange av dei små og uegna returpunkta, og i staden etablere fleire større returpunkt som er meir sentralt plassert. Målet er å etablere returpunkt som ligg strategisk til med tanke på ferdselsårer til og frå fritidsbustad/innkjøp. Endring av returpunkt vil skje gradvis, og det vil i forkant bli lagt ut informasjon om dette på Simas iks si heimeside.

‍Måler er at fritidsinnbyggarane skal kunne levere følgande avfall på returpunkta:

·       Matavfall

·       Plastemballasje

·       Glass- og metallemballasje

·       Papir og papp

·       Brennbart restavfall

Lever avfallet til fellescontainer

Det er ei lovpålagt oppgåve for kommunane å samle inn avfall frå fritidseigedomar på lik linje med anna hushaldningsavfall (jf. Ureiningslova § 30). Det betyr at alle kommunane våre må tilby henting av avfall til dei som har fritidseigedom.

For fritidsbustader har ein valt å nytte ei bringteneste der brukarane sjølv må bringe avfallet til næraste felles container. Gebyret for fritidsabonnentar er sett lågare enn for abonnentar som har eigne avfallsbehaldarar.

Gebyret er regulert etter fire kriterium:

1.

  • Hytter er eigd av firma, ein institusjon eller lag.

  • Hytter der nokon har bustadsadresse.

  • Hytter som blir leigd ut. Med utleigehytte meiner ein fritidsbustad som vert tilbydd for utleige til allmenta gjennom annonsering, formidling via utleigeortalar, nettsider, sosiale media eller liknande, med formål om regelmessig bruk av andre enn eigar. Dette omfatttar og næringsbasert utleige, firmahytter og egedomar som er del av utleieverksemd.

2.

Avstanden frå køyrbar veg (bil), togstasjon (tog) eller brygge (båt) til hytta er mindre enn 1 km (uavhengig av om vegen er stengd deler av året).

3.

Hytta eller fritidseigedommen har innlagt vatn.

4.

Hytta eller fritidseigedommen har innlagt straum.

Fritidsbustaden vert prisa etter kategori:

Kommunale tillegg for renovasjon 2026

Kvifor har kommunane kommunalt tillegg?

Sogndal:

  • Kommunalt tillegg renovasjon:

    • Del av sentrumsrenovasjonen, innsamling av avfall i dei ‘’grøne avfallsboksane’’/badeplassar

    • Deltaking i FOU innan renovasjon

    • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for renovasjonsbetaling

    • Juridisk bistand i samband med spørsmål om renovasjonsbetaling og andre lovtolkningar innan renovasjon

    • Del av administrative kostnader på tenestetorga

Årdal:

Kommunalt tillegg renovasjon: Er med på å dekkje kostnader i forbindelse med etterdrift av avfallsplassar t.d. Dalsuri.

Luster:

  • Kommunalt tillegg renovasjon

    • Publikumsmottak inkl. registrering i KomTek og sjekk av KomTek-opplysningar

    • Organisering sal posar og sekker

    • Kostnader med abonnement og lisenser KomTek og GIS