Kva er gevinsten av å sortere?

Bruker me om att, i staden for å lage nytt, sparar me miljøet for mykje unødvendig slitasje.

Kva me kan spare:

  • I fjor sparte vi 11.200 tre ved å resirkulere papp og papir - berre i Sogn

  • Resirkulering av 1 kilo plast sparar nok straum til å lade ein smarttelefon 1300 gonger

  • Omsmelting av aluminium sparar 95 % av energibruken samanlikna med å lage nytt

  • Resirkulering av 1 tonn drikkekartong sparar utslepp på over 650 kilo CO2

Matavfallet frå Sogn blir til næringsrik kompostjord

Målet til myndigheitene er at nordmenn skal sortere ut 65 prosent av matavfallet innan 2035. I Sogn er me no på 62 prosent og har allereie sortert ut matavfall i 20 år. Det aller viktigaste du kan gjere er likevel å ete opp maten. Slik kan du bli ein matreddar.

Les meir om SIMASkompost.

Komposteringsprosessen i Festingdalen.

Bli ein matreddar!

Kjappe fakta:

  • Om lag 60.000 bananar kastast kvar dag i Noreg

  • Ein buss kan køyre 1 km på 4 kg matavfall

  • CO2 utslepp frå matsvinn i Norge tilsvarar utsleppa frå ¼ av personbiltransporten

Kjelde: SIMAS rapport, Regjeringen.no og matvett.no

Glas- og metallprodukt kan smeltast om og brukast i det uendelege, utan å miste kvaliteten!

  • Tuben med smøreost kan bli til ein sykkel, ny emballasje eller fundamentmasse på ein byggjeplass.

  • Gjenbruk av aluminium treng berre 5 % av energien samanlikna med å lage nytt.

  • Heile 75 % av aluminiumet som nokon gong produsert, er framleis i omløp.

  • Berre 20 gram porselen kan øydeleggje for resirkulering av 1000 kg glas - sorter riktig!

Les meir om glas- og metall.

Bli med på laget!

Sorter riktig - så tek me i SIMAS oss av resten. Saman sparar me miljøet for mykje unødvendig slitasje!

Slik sorterer du i Sogn