Mi side

Mi side (min eigedom) er ei side alle abonnentar i SIMAS kan logge seg på og finne opplysningar om eigedomar du er heimelshavar på.

Portalen gir deg oversikt over adresser, matrikkeldata på bygg og eigedom, eigarar, hefte, eigedomsgebyr, eigedomsskatt, kart, vassmåler, septik og renovasjon.

Tidlegare måtte ein fylle inn kontaktskjema eller ringe SIMAS for å endre behaldar. No har me gjort det enklare, ved at ein kan logge inn på Mi side og følge desse stega. Du kan logge inn via nettlesar på mobil eller PC, eller via mobilappen Min renovasjon.

Dette er óg ei tryggare løysing, fordi det krev innlogging med ID-porten.