Frå takhage til tallerken – slik har ViteMeir lukkast med SIMASkompost

På taket av ViteMeir bugnar det av grønsaker, urter, bær og blomar. Det som starta som eit grønt eksperiment har no vakse seg til ein frodig brukshage, med heiløkologiske plantar i næringsrik kompostjord frå SIMAS.

Takhagen blei etablert våren 2022 som del av eit sirkulært prosjekt der kjøkenavfall og hageparkavfall frå SIMAS-abonnentar blir til kompostjord. På taket, der sola steiker og vinden bles, har SIMAS-jorda vist seg som ei trygg og næringsrik grobotn.

– Det er fantastisk å kunne gå opp i hagen og plukke vekster ein treng til dagens meny, seier Lise Sundberg, leiar for mat og drikke ved ViteMeir.

Graslauken stortrivst på takterassen.

Lise Sundberg, leiar for mat og drikke ved ViteMeir.

Lokal, økologisk og berekraftig

Dei siste to åra har ViteMeir styrkt samarbeidet med prisvinnande Bøtun gard, som leverer heiløkologiske frø og småplanter. Alt frå salat, grønnkål og reddikar til blomkarse, lavendel og erteblomstrar vert planta i SIMAS-kompostjord og brukt direkte i det kulinariske tilbodet ved SmakeMeir.

- Me lagar dressingar, urtesmør, sommarlege salatar og grøne vaflar med grønnkål frå hagen. Det sparer oss for kostnadar og gir gjestane ei heilt unik oppleving – med smak, kvalitet og historie, fortel Sundberg.

Ein hage for meir enn pynt

Der hagen før var mest eit utstillingslokale, er han no ein sentral del av det daglege arbeidet. Elevgrupper deltek i læringsopplegg der dei plukkar og tilreder råvarer, og både kurs, seminar og sosiale arrangement tek hagen aktivt i bruk.

– Me jobbar med å vise at dette er ein brukshage, ikkje berre pynt. Gjestane våre kan gjerne ta med seg kaffikoppen eller lunsjen opp hit, plukke litt ekstra urter eller eit jordbær. Det gir meining, inspirerer og fortel ei historie om bærekraft og gjenbruk, seier Sundberg.

Slik såg takhagen ut i august 2022 då komposten var på plass.

Det spirer og gror på same plass tre år seinare.

Frå rest til ressurs – ei framtid i bløming

Kompostjorda som er nytta på ViteMeir er eit resultat av våtorganisk avfall som blir kasta av SIMAS-abonnentane i Sogn. Avfallet blir blanda med hageparkavfall, lagt opp i rankar og tatt gjennom ein godkjent komposteringsprosess.

Dette gir ein god og næringsrik kompostjord som er eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala.

Les meir om SIMAS-kompostjord her.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Vil at du skal endre haldning til plastemballasje