Her får matavfallet frå Sogn nytt liv

Hallbjørg Eidhamar viser fram ein frodig hage.

I den frodige kjøkenhagen til Hallbjørg Eidhamar på Nessane veks det alt frå artisjokk og mais til store gresskar og squash. Ein viktig ingrediens er kompost frå SIMAS.

Hallbjørg har dyrka grønsaker i mange år. I 2019 starta ho «Den naturlege hagen», der målet er å dyrke mest mogleg på lag med naturen.

– Eg brukar ikkje sprøytemiddel eller kunstgjødsel. Eg prøver heller å bruke dei naturlege ressursane eg har rundt meg, fortel Hallbjørg.

Ho har høner og vaktlar, lagar bokashi og neslevatn, komposterer sjølv og nyttar gras og ull som jorddekke. Endene har også fått ei eiga oppgåve i hagen: Dei hjelper til med å halde bestanden av sniglar nede.

Dei siste åra har også kompost frå SIMAS blitt ein viktig del av den naturlege dyrkinga.

Dyrkar rett i komposten

Etter mange år med ein stor kjøkenhage har Hallbjørg etter kvart flytta meir av dyrkinga over i plantekassar. Det gjer arbeidet enklare, men krev også mykje jord og organisk materiale.

Her har SIMASkomposten kome godt med. I år har ho fått levert to kubikk to gonger, og brukar komposten både til å fylle plantekassane og til å etterfylle når innhaldet søkk saman.

– Eg får utruleg flotte, store planter. Dei blir sterke, og eg treng ikkje tilføre så mykje anna gjødsel, seier ho.

Nokre vekstar, mellom anna gresskar og squash, dyrkar ho rett i komposten. Andre stader brukar ho komposten saman med anna organisk materiale.

Squash

Brokkoli

Frå matavfall til grønsaker

For Hallbjørg handlar dyrkinga om meir enn å få størst mogleg avling. Ho er oppteken av å ta vare på ressursane og bruke dei om att.

Det er nettopp dette som skjer med SIMASkomposten. Mat- og hageavfall blir omdanna til ein ressurs som kan brukast til å byggje opp ny og næringsrik jord.

– Eg synest det er veldig bra at noko som elles er avfall, kan bli brukt til noko nytt. Det er jo gjenbruk av ein ressurs, seier Hallbjørg.

Og resultatet er lett å få auge på. I hagen på Nessane dyrkar ho eit imponerande utval grønsaker, mellom anna mais, artisjokk, gresskar, squash, ulike typar erter og bønner, kål, gulrøter, beter, fenikkel, løk og ei rekkje krydderurter. I drivhuset veks mellom anna tomatar, agurk og aubergine.

– Vi et mykje grønsaker sjølve, og så gir eg bort litt til vener og familie, fortel Hallbjørg.

– Heilt gull

Med ein stor hage går det med mykje jord, og Hallbjørg er glad for å kunne få kompost frå SIMAS levert i større mengder.

– Samanlikna med å kjøpe tilsvarande mengder jord i sekkar, er det heilt gull. Det er eit veldig godt tilbod å ha tilgang til, seier ho.

For Hallbjørg er komposten samtidig berre éin del av heilskapen. Jorddekke, organisk materiale, eigen kompost og naturleg gjødsel spelar saman for å skape ei levande og produktiv jord.

Resultatet er ein frodig hage og eit godt døme på korleis ressursar vi sorterer ut, kan få nytt liv.


Vil du lese meir om SIMASkompost? Sjå her

Astri Knudsen

Astri er innhaldsprodusent og dagleg leiar i Gasta design og kommunikasjon. Ho er oppteken av å finne dei gode historiane og gi deg målretta innhald.

astri@gasta.no

Forrige
Forrige

Ledig stilling: Renovatør/sjåfør

Neste
Neste

Ein trygg arbeidskvardag