SIMASkompost - privat

Me sel næringsrik kompost i lausvekt, posar og big-bags.

Me har rein kompost til hage og kjøkenhage på alle miljøstasjonane våre. Ynskjer du ei anna type, kan du bestille i skjema nedst på denne sida. For hjelp til lasting av større mengdar i Festingdalen, er me behjelpelege med dette på onsdagar- ver venleg, ta kontakt på førehand.

Slik gjer du

Besøk føretrekt miljøstasjon.

  1. Fyll opp ønskt mengde kompost i tilhengar, dunkar eller posar (me sel posar). Spade vil vere tilgjengeleg. På onsdagar kan me hjelpe med lasting, ver venleg- ta kontakt på førehand.

  2. Betal på miljøstasjonen, helst med Vipps. Me hjelper deg å finne riktig pris og mengde.

  3. Følg anbefalt bruk av dei ulike kompostprodukta (hugs t.d. å blande ut vanleg kompost).

  4. Nyt ein frodig hage.

Typar kompostjord

1. Rein kompost

kompostjord.jpg

Tilgjengeleg på alle miljøstasjonar.

  • Pris per sekk (40L): 50 kr,- inkl. mva.

  • Pris per m3: 430 kr,- inkl. mva.

  • Pris Bigbag: 550 kr,- inkl. mva.

  • Rein kompost er eit jordforbedringsmiddel som tilfører jorda struktur og mikroliv. Kompost inneheld mikroorganismar som bidrege til ein sunn jordkvalitet. Dette kan vere med å forhindre sjukdomsutbrot på plantane og gje betre vekstvilkår.

    Komposten kan blandast inn i det øvste jordlaget (5-15 cm), ev. spreiast som eit tynt lag på plenen eller i bed. Gjødselverknaden er meir langsiktig enn til dømes kunstgjødsel. I tillegg har komposten gunstige tilleggseffektar på pH og jordhelse.

    Rein kompost bør blandast ut med sand eller jord, gjerne 50/50-blanding. Den er ikkje berekna til direkte bruk som vekstmedium.

2. Kompostmix

kompostjord%252Bpallekarm.jpg

Tilgjengeleg på jordtoget i Festingdalen og ved bestilling.

  • Pris per m3: 630 kr,- inkl. mva.

  • Pris Bigbag: 750 kr,- inkl. mva.

  • Kompostmix er produktet rein kompost blanda med sand. Dermed er dette eit produkt du kan plante direkte i, men me anbefaler gjerne at du blandar i litt jord. Kompostmix eigner seg godt til oppbygging av grønsakhagar, blomsterbed, buskplanter og plen.

    Me tilfører fin natursand, slik at komposten er god å jobbe med.

    All kompost frå SIMAS er fri for store steinar og har god drenering. I tillegg har komposteringsprosessen teke knekken på ugrasfrø, snigleegg og maur.

3. Parkkompostmix

Plen+av+kompostmix+2+.jpg

Tilgjengeleg på jordtoget i Festingdalen og ved bestilling.

  • Pris per m3: 330,- inkl. mva.

  • Parkkompostmix frå SIMAS er produktet parkkompost blanda med fin sand. Dette gir eit produkt som er betre å jobbe med.

    Parkkompostmix er ein næringsrik kompostjord som eigner seg godt til etableringa av plen, nye buskar, plantar og hekk. All kompost frå SIMAS har eit rikt mikroliv, som gjer det lett å få frodig vekst, samtidig som jorda er tørkesterk og fri for steinar og ugras. I tillegg vil komposteringsprosessen ta knekken på snigleegg og maur.

    Parkkompostmix skal ikkje, etter mattilsynets retningslinjer, nyttast til å dyrke grønsaker, frukt eller bær dei første tre åra.

Kompost med hjullastar.jpg

Ønsker du større mengder kompost?

Kompost til større private prosjekt (over 10 m3) eller ønskje om kompost i big bag:

Gjenbruk av gode råvarer

SIMAS jobbar for ressursar på rett veg. Me ønskjer å gjenvinne det me kan av avfallet i Sogn. Difor er me glad for å ha fått fram gode kompostprodukt.

Alt av våtorganisk avfall blir blanda med hageparkavfall, lagt opp i rankar, og tatt gjennom ein godkjent komposteringsprosess. I denne prosessen oppstår det store mengder varme som tek knekken på bakteriar, frø og snigleegg. Me loggfører temperatur, blåser inn luft og vender rankene med jamne mellomrom. Etter kompostering ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, før produkta er klare til bruk.

Me er eit godkjend anlegg til kompostering av Mattilsynet, og alle kompostprodukta følgjer krava til produktkvalitet, jf. Gjødselvareforskriften kap 3. Produksjonen følgjer visse krav som sikrar at komposten er hygienisert, og at vi har god kontroll på innhaldet. Sjå varedeklarasjon for meir info.

Fordeler med bruk av kompost

  • Tørkesterk jord: Sand og jordtypar med lite humus er svært kompakt og tørkar fort ut. Ved å tilføre organisk stoff i form av kompost held jorda betre på fuktigheita og du får mindre tørkeskader.

  • Sunt jordliv: Kompost inneheld milliardar av sunne mikroorganismar som bidreg til næringsomsetning og reduserer førekomsten av sjukdomsframkallande bakteriar og sopp.

  • Stabile skråningar: I jordskråningar av sand, silt og leirholdig jord oppstår ofte problem med utvasking og utgliding. Ved å blande inn kompost bindast jorda betre saman, og det etablerast raskare plantevekst.

  • Næring: I tillegg til å bidra med hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium, inneheld komposten alle sporstoff som plantane treng. Næringsstoffa blir frigjort gradvis over tid gjennom heile vekstsesongen.

Bestill kompost

På alle miljøstasjonane våre får du tak i produktet ‘Rein kompost’. Ønskjer du ein annan type, kan du bruke skjema under til å bestille. Då blir komposten levert til miljøstasjonen din ved neste utkøyring og kan hentast der. Unntaket er hovudanlegget i Festingdalen (Sogndal), der har me alle typar tilgjengeleg.

Jordtorget i Festingdalen

Jordtorget har ope kvardagar 09.00-14.00, og torsdagar 09.00-18.00 (19.00).