Prisar privat renovasjon

Renovasjonsgebyret tiI SIMAS er delt opp i to deler:

  1. ein fast del med eit grunngebyr per bueining

  2. ein variabel del knytt til storleik på behaldar for restavfall

Prisar for 2026

Prisar for kommunalt tillegg i 2026 inkl.mva.

Om du har spørsmål knytt til dei kommunale tillega, utover den tilgjengelege informasjonen nedanfor, ta kontakt med kommunen din.

Kvifor har kommunane kommunalt tillegg?

Luster:

  • Kommunalt tillegg renovasjon

    • Publikumsmottak inkl. registrering i KomTek og sjekk av KomTek-opplysningar

    • Organisering sal posar og sekker

    • Kostnader med abonnement og lisenser KomTek og GIS

  • Kommunalt tillegg slam

    • Publikumsmottak inkl. registrering i KomTek og sjekk av KomTek-opplysningar

    • Kostnader med abonnement og lisenser KomTek og GIS

  • Kommunalt tillegg kontrollgebyr slam

Luster kommune har vedteke ei lokal forskrift Gebyr for sakshandsaming og kontroll av avløpsanlegg som dekkar private og spreidde avløpsanlegg. Denne forskrifta gjev heimel til kommunen å krevje inn eit kontrollgebyr for desse avløpsanlegga, som finaniserer kommunen sitt tilsynsarbeid. Private avløpsanlegg representerer eit potensiale for ureining og kommunen pliktar å ha tilsyn og kontroll med dette fagområdet, og om naudsynt pålegge eigar av anlegget tiltak.

Dette tilsynsarbeidet er starta opp, og alle som har slamtømming vert fakturert ein sum som går til kommunen.

Årdal:

Kommunalt tillegg renovasjon: Er med på å dekkje kostnader i forbindelse med etterdrift av avfallsplassar t.d. Dalsuri.

Sogndal:

  • Kommunalt tillegg renovasjon:

    • Del av sentrumsrenovasjonen, innsamling av avfall i dei ‘’grøne avfallsboksane’’/badeplassar

    • Deltaking i FOU innan renovasjon

    • Kontroll og vedlikehald av fakturagrunnlaget for renovasjonsbetaling

    • Juridisk bistand i samband med spørsmål om renovasjonsbetaling og andre lovtolkningar innan renovasjon

    • Del av administrative kostnader på tenestetorga

Andre prisar 

For prisar på miljøstasjon, sjå denne sida.

Dette er eit standard abonnement

  • Restavfall 140 L - tømmast kvar 4. veke

  • Papiravfall 140 L – tømmast kvar 4. veke

  • Våtorganisk 140 L – tømmast kvar 2. veke

  • Glas- og metall 140 L – tømmast kvar 12. veke

  • Plastsekk – tømmast kvar 4. veke

Pris standard abonnement i 2025: kr. 4.481,-

Deler du behaldar? Treng du større?

Ein vanleg behaldar (140 l) er meint å vere nok til restavfall for 1 bustad, og held for dei fleste abonnentane våre. Har du t.d. utleigedel eller mykje bleier, kan du be om større behaldar, mot ei auke i gebyret. Ein kan når som helst endre behaldar, berre ta kontakt!

Dette er dei ulike behaldarane våre.

Faktura - ofte stilte spørsmål