Starta “Framtidshage” i Sogndal med SIMASkompost

I Sogndal har ein gjeng unge starta felles dyrkeprosjekt. – Me fekk mange flotte grønsaker i fjor, og håpar på endå fleire i år!

Ingeborg Bjørke, styreleiar i Framtiden i våre hender Sogndal.

Framtidshagen i Sogndal er eit initiativ frå lokallaget til Framtiden i våre hender.

Sentralt i Sogndal sentrum, rett over vegen frå skysstasjonen, spirer og gror det i potter og bed.

Alt arbeid i hagen blir gjort på frivillig basis, fortel styreleiar Ingeborg Bjørke:

– Gjennom ulike arrangement i løpet av vår og haust vert arbeid lagt ned for å driva fram ein avling som dei frivillige kan ta med seg heim eller nyta i lag. Det kan til dømes vere å grille squash i fint ver.

På dei ulike arrangementa blir det også satt fokus på reduksjon av matsvinn, og hagen i seg sjølve syner kor enkelt ein kan produsera noko etande aleine eller i eit nabolag.

Som grunnlag for å få frodig vekst, har dei valt å nytte kompostprodukt frå SIMAS:

– Å bruka SIMASkompost i lasagnebeda våre har fungert veldig bra! Me fekk mange flotte grønsaker i hagen vår i fjor, og håpar på endå fleire i år, seier styreleiaren.

SIMAS sin eigen rådgjevar for berekraft og kommunikasjon, Jørn Mortensen, har vore aktiv deltakar på arrangementa som har vore gjennomført med Framtidshagen.

– Eg tykker det er flott å kunne vise folk eit kretsløp der me brukar kompostjord laga av mat, til å produsera ny mat, seier han.

Og sleng med historia om då han åt noko som smakte godt og han trudde var noko urter – det viste seg å vere toppen på gulrota, som framleis var att i bakken.

Å bruka SIMASkompost i lasagnebeda våre har fungert veldig bra! Me fekk mange flotte grønsaker i hagen vår i fjor, og håpar på endå fleire i år.
— Ingeborg Bjørke, styreleiar i Framtiden i våre hender Sogndal
 

Sjå bilde frå Framtidshagen:

(Klikk på bilda for stor visning)

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

SIMAS opnar ny miljøstasjon i Årdal

Neste
Neste

Møte i representantskapet 9. mai 2025