Kystlotteriet

Saman med dei andre miljøverka og Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane starta me hausten 2017 opp ei permanent ordning for strandrydding. Her kan du vinne flotte opplevingar og premiar.

Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold med Sten Helberg i spissen.

– Det er eit motivasjonsprosjekt, som starta opp som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler, fortel Helberg.

Utlevering av sekkar føregår på miljøstasjonane. Du kan også ta kontakt med oss.

Lotteriet fungerer slik:

  1. Hent spesialsekk frå Kystlotteriet på ein miljøstasjon, eller ta kontakt med SIMAS om alternativ utlevering.

  2. Rydd langs vatn, bekk eller fjord (marint avfall). Legg avfallet i spesialsekken.

  3. Lever sekken på ein av miljøstasjonane.

  4. Skann QR-koden på sekken med telefonen din og følg instruksjonane for å registrere sekken og få lodd. Du kan óg registrere sekken og få lodd på reg.kystlotteriet.no

  5. Ha godt samvit for at du har rydda naturen, og kryss fingrane for at du i tillegg vert premiert for det :) 

Det vert både lokale, regionale og nasjonale trekkingar gjennom heile året. Les meir om kystlotteriet her.

Få med deg kjende på å rydde langs fjord og vatn, og meld deg gjerne på her via Ryddeportalen. Del informasjonen med venene dine og hjelp oss å spreie det glade bodskap!