Returkartonglotteriet

Alle kan delta og vinne i Returkartonglotteriet - privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc. Årleg blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner, fordelt på 120 premiar á kr. 10.000 og 4 premiar á kr. 100.000.

Kartongane leverer du saman med anna papp og papir. Du treng ikkje legge kartongane i pose e.l.

OBS! No treng du ikkje lenger å lage kubbe for å vere med i trekninga av den store premien på kr. 100.000. No tel óg ein einskild kartong som lodd til hovudpremien.

returkartonglotteriet_kubbe.png

Kva skjer med kartongane du sender til gjenvinning?

Gjenvinning av drikkekartongar skjer på denne måten:

  • Utsortert drikkekartong vert pressa til ballar og vert seld til papirfabrikkar.

  • Kartongane vert kverna opp og tilsett vatn. Papirfibrane vert reinsa, tromla og pressa og blir til nye papp- og papirprodukt med minimalt bruk av kjemikalie.

  • Papiret vert brukt i produksjon av nye kartongar som pizza-, corn-flakes-, skoøsjer m.m.

  • Sjølv om alle som kildesorterar drikkekartongar ikkje kan vinne Returkartonglotteriet, så er i alle fall miljøet ein vinner då alle kartongane vert gjenvunne til nytt papir.

Korleis blir du med i trekninga?

Grønt Punkt Norge arrangerer lotteriet, og me i SIMAS syter for at abonnentane sine lodd vert med i trekninga.

Du må skrive namn og telefonnummer til den du ynskjer skal vinne på kartongen. Legg kartongen laust i avfallsdunken saman med papp og papir. Du skal ikkje pakke det inn i pose eller liknande.

Kvart år vert det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar på kr. 10.000 og 4 premiar på kr. 100.000. Nytt frå og med 1. januar 2022 er at du ikkje lenger treng å lage kubbe for å vere med i trekninga av den store premien på kr. 100 000. No tel óg einskildkartongar som lodd til hovudpremien.

Fakta om Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premiar à kr. 10.000 og 4 premiar à kr. 100.000.

  • Deltakar skriv namn og telefonnummer på den de vil skal vinne og leverer kartongen i den kommunale innsamlingsordninga. Då har du eit lodd.

  • Kartingen vert trekt på 84 ulike trekkjestadar, spreidd over heile landet. Her vert det trekt mellom 1 og 7 kubbar avhengig av innbyggjartal, til saman maks 188 kvart kvartal. Desse kartongene går vidare til nasjonal trekning.