Fruktgarden på Ølmheim har nytta kompostjord i fleire år

Endre Kleiveland på fruktgarden på Ølmheim. Han har stor tru på å gi kompostjord til frukttrea. FOTO: Norsk Landbruksrådgiving (NLR)

Jorda har vorte utarma, etter mange år med mykje kunstgjødsel. No har fruktbøndene på Ølmheim stor tru på at kompost tilfører både næring og betre pH-verdi.

Endre Kleiveland og Sigrid Ølmheim bur på Nordafjordvegen, mellom Sogndal og Leikanger – like ved den kvite kyrkja på Ølmheim. Her ligg fruktgarden på over 40 mål.

Paret har nytta kompost i hagen i fleire år, og har sterk tru på at det gir positive effektar på jorda og frukttrea. Det veks godt i hagen, og dei har nett fullført planting av over to tusen nye tre. Også denne gongen har dei tilført kompost til jorda i det nyplanta feltet.

– Eg tør ikkje sei sikkert om verknaden av komposten, men eg har sterk tru på at det gir god effekt, elles hadde eg ikkje haldt fram med det! Mykje av dyrkingsjorda vår er utarma etter mange år med intensiv drift prega av stort forbruk av kunstgjødsel. pH-en i jorda er også lav. Det gir meining å tilføre organisk materiale og heva pH-verdien, fortel Endre.

FOTO: Norsk Landbruksrådgiving (NLR)

NLR gjer forsøk med SIMASkompost

I SIMAS analyserer me all kompost, og sørger for at den held god standard. Kompostjorda har ein pH-verdi mellom 8 og 9. Komposten er næringsrik og kan vere eit viktig middel for både jordforbetring og tilførsel av karbon i jorda.

– Det er fort gjort å berre fokusere på dei synlege plantedelane som veks over bakken, det er rett nok her ein får frukt, frø, bær og anna knask. Men vekstmediet, jorda, som desse plantene står og bur i er kritisk i kor godt planten trivest, vekst og ber fram avling. I framtidsretta jordbruk har ein begynt å snakka om å «dyrke jorda» heller enn å dyrke vekstane. Altså vie meir merksemd til jorda, og få ein auka forståing og respekt av kva rolle den har i matproduksjonen, fortel Tonje Fjågesund, rådgjevar for frukt og bær i NRL.

Likevel trengs det forsking og meir vitskapeleg støtte til trua på at kompost nyttar. Norsk Landbruksrådgiving (NLR) gjennomfører no eit forsøk med kontrollerte forsøksfelt, tre ulike behandlingar i tre repetisjonar: kompost, kompost med biokol og kontroll-ruter.

Komposten kjem frå SIMAS, og vart lagt ut i feltet 28. april. Nye forventningsfulle tre blei planta i kompostjorda 7. mai.

– Kva som foregår i jorda no er usynleg for det blotte auge, men me håper at me utover sommaren og hausten, og kanskje i åra som kjem, vil kunne sjå noko forskjell på behandlingane. Jord, klima og frukttre er samansette og det er ikkje sikkert ein kjem til å observere dei store skilnadene mellom behandlingane. Det kan ta mykje lenger tid enn ein enkelt vekstsesong før jordforbetring og endringar i jorda for øvrig kan ta vise målbare resultat. Men, tida vil vise!, seier Fjågesund.

Kulturskifte

Fjågesund peiker på at jordbruket har gjennomgått eit omfattande kulturskifte dei siste hundre åra, og at næringstilgangen på kvar einskild gard har endra seg.

- Før var gardsbruka meir mangfaldige og dei fleste fruktgardar heldt også husdyr. Då var det naturlegvis vanleg praksis å nytte husdyrgjødsla i frukthagane. Etter kvart som husdyra forsvann frå gardane oppstod eit behov for å tilføre næring utanfrå. Kunstgjødsel er ei kjelde, som har vorte dominerande dei siste tiåra. Kompost er ei anna organisk næringskjelde. Å lage eigen kompost er ikkje berre enkelt, og det har mangla større strukturar for prosessering av organisk avfall til kompost.

No er SIMAS på banen og tilbyr kompost av høg kvalitet.

– Ikkje alle har fått auga opp for den potensielle verdien av kompost endå. Men i andre land har bruken av kompost bredt om seg. Betalingsviljen er ei heilt anna i Austerrike; der betalar ein gjerne 12-1300 kr for ein kubikk kompost. Også i fleire andre land er kompost i vinden! Særleg i vinproduksjon veit ein å bruka og verdsette næringa frå kompost, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.

– Bønder og renovasjon kan begge dra fordel av eit felles prosjekt for å omdanne organisk avfall til ressurs i jorda, skyt Fjågesund inn.

Vil du vite meir om SIMASkompost? SIMASkompost - privat, proff og landbruk

FOTO: Norsk Landbruksrådgiving (NLR)

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Me er vekas grøne løysing hos Klimapartner

Neste
Neste

SIMAS-abonnentar kan vere råka av Norkart sitt datainnbrot