SIMASkompost - proff

Me sel næringsrik kompost i storskala. For deg som er entreprenør, anleggsgartnar eller treng større mengde til privat bruk har me fire ulike kompostprodukt. Avtal henting ved bestilling.

Slik gjer du

  1. Bestill kompost ved å sende oss ein førespurnad. Er du småskalakunde, sjå kompost - privat.

  2. Me tek kontakt med deg og hjelper deg å finne mengde og type kompostprodukt.

  3. Hent kompostproduktet i Festingdalen etter avtale. På onsdagar kan me hjelpe deg å laste opp tilhengar, lastebil eller i bigbagar (som vi sel).

  4. Ønskjer du levering, ordnar me dette mot tillegg i pris. Då kan me levera kompost i containere eller bigbag-er.

IMG_8174.jpg

1. Rein kompost

Rein kompost er eit jordforbedringsmiddel som tilfører jorda struktur og mikroliv. Kompost inneheld mikroorganismar som bidrege til ein sunn jordkvalitet. Dette kan vere med å forhindre sjukdomsutbrot på plantane og gje betre vekstvilkår.

Komposten kan blandast inn i det øvste jordlaget (5-15 cm), ev. spreiast som eit tynt lag på plenen eller i bed. Gjødselverknaden er meir langsiktig enn til dømes kunstgjødsel. I tillegg har komposten gunstigare tilleggseffektar på pH og jordhelse.

Rein kompost bør blandast ut med sand eller jord, gjerne 50/50-blanding. Den er ikkje berekna til direkte bruk som vekstmedium.

Pris pr. m3: 250,- (eks. mva)

Kompost+med+hjullastar.jpg

2. Kompostmix

Kompostmix er produktet rein kompost blanda med sand. Dermed er dette eit produkt du kan plante direkte i og eigner seg godt til oppbygging av park og grøntanlegg, grønsakhagar, blomsterbed, buskplanter og plen.

I år har me tilført ein finare sand enn tidlegare, slik at komposten er mjukare og betre å jobbe med.

All kompost frå SIMAS er fri for store steinar og har god drenering. I tillegg har komposteringsprosessen teke knekken på ugrasfrø, snigleegg og maur.

Pris pr. m3: 400,- (eks. mva)

unsplash-image-xf1nszrKH_s.jpg

3. Parkkompost

Parkkompost frå SIMAS er ein næringsrik kompostjord som eigner seg godt til etableringa av plen, nye buskar, plantar og hekk. Komposten har fin struktur og er lett å jobbe med.

All kompost frå SIMAS har eit rikt mikroliv, som gjer det lett å få frodig vekst, samtidig som komposten er tørkesterk og fri for steinar og ugras. I tillegg har komposteringsprosessen teke knekken på snigleegg og maur.

Parkkompost skal ikkje, etter til mattilsynets retningslinjer, nyttast til å dyrke grønsaker, frukt eller bær dei første tre åra.

Pris pr. m3: 150,- (eks. mva)

IMG_8172.jpg

4. Parkkompostmix

Parkkompostmix frå SIMAS er produktet parkkompost blanda med fin sand. Dette gir eit produkt som er betre å jobbe med.

Parkkompostmix er ein næringsrik kompostjord som eigner seg godt til etableringa av plen, nye buskar, plantar og hekk. All kompost frå SIMAS har eit rikt mikroliv, som gjer det lett å få frodig vekst, samtidig som jorda er tørkesterk og fri for steinar og ugras. I tillegg vil komposteringsprosessen ta knekken på snigleegg og maur.

Parkkompostmix skal ikkje, etter mattilsynets retningslinjer, nyttast til å dyrke grønsaker, frukt eller bær dei første tre åra.

Pris pr. m3: 300,- (eks. mva)

Gjenbruk av gode råvarer

SIMAS jobbar for ressursar på rett veg. Me ønskjer å gjenvinne det me kan av avfallet i Sogn. Difor er me glad for å ha fått fram gode kompostprodukt.

Alt av våtorganisk avfall blir blanda med hageparkavfall, lagt opp i rankar, og tatt gjennom ein godkjent komposteringsprosess. I denne prosessen oppstår det store mengder varme som tek knekken på bakteriar, frø og snigleegg. Me loggfører temperatur, blåser inn luft og vender rankene med jamne mellomrom. Etter kompostering ligg komposten på ettermodning i om lag eit år, før produkta er klare til bruk.

Me er eit godkjend anlegg til kompostering av Mattilsynet, og alle kompostprodukta følgjer krava til produktkvalitet, jf. Gjødselvareforskriften kap 3. Produksjonen følgjer visse krav som sikrar at komposten er hygienisert, og at vi har god kontroll på innhaldet. Sjå varedeklarasjon for meir info.

Fordeler med bruk av kompost

  • Tørkesterk jord: Sand og jordtypar med lite humus er svært kompakt og tørkar fort ut. Ved å tilføre organisk stoff i form av kompost held jorda betre på fuktigheita og du får mindre tørkeskader.

  • Sunt jordliv: Kompost inneheld milliardar av sunne mikroorganismar som bidreg til næringsomsetning og reduserer førekomsten av sjukdomsframkallande bakteriar og sopp.

  • Stabile skråningar: I jordskråningar av sand, silt og leirholdig jord oppstår ofte problem med utvasking og utgliding. Ved å blande inn kompost bindast jorda betre saman, og det etablerast raskare plantevekst.

  • Næring: I tillegg til å bidra med hovudnæringsstoffa nitrogen, fosfor og kalium, inneheld komposten alle sporstoff som plantane treng. Næringsstoffa blir frigjort gradvis over tid gjennom heile vekstsesongen.

Bestill kompost

Er du storskalakunde (treng over 10m3), ønskjer me at du sender oss ein bestillingsførespurnad. Då kan me hjelpe deg med kva type kompost du treng og avtale henting/transport.

Fyll ut skjema, så høyrer du frå oss. For andre spørsmål om SIMASkompost, kontakt oss.