Kompostjorda frå SIMAS er eigna både for private hagar, større byggeprosjekt og dyrking i stor eller liten skala.
Alt mat- og hageavfall me samlar inn i Sogn, blir gjort om til næringsrik kompostjord. Me nyttar også slam i produksjon av parkkompost. På denne måten sørgar me for at ressusane kjem tilbake i jorda.
Me tilbyr fire ulike kompostprodukt med ulike egenskapar til ulik bruk.
Du kan kjøpe kompostjord på alle miljøstasjonane våre eller sende inn skjema via nettsida for å avtale større mengder. I Festingdalen kan du få hjelp til lasting av større mengdar kvar onsdag.
Det er mange som vel SIMASkompost:
I den frodige kjøkenhagen til Hallbjørg Eidhamar på Nessane veks det alt frå artisjokk og mais til store gresskar og squash. Ein viktig ingrediens er kompost frå SIMAS.
På taket av ViteMeir bugnar det av grønsaker, urter, bær og blomar. Det som starta som eit grønt eksperiment har no vakse seg til ein frodig brukshage, med heiløkologiske plantar i næringsrik kompostjord frå SIMAS.
I Sogndal har ein gjeng unge starta felles dyrkeprosjekt. – Me fekk mange flotte grønsaker i fjor, og håpar på endå fleire i år, seier initiativtakaren.
SIMAS har donert 60 m² kompostjord for å gjere sentrumsparken enno trivelegare for ungane.
Grøntområde i Sogndal er oppgradert med kompost laga av matavfallet til innbyggjarane. No skal det spire i Sogndal til sommaren!
Førre haust blei det anlagt kjøkenhage på ViteMeir. Dei nytta kompost frå SIMAS og kan no hauste både frukt, bær, grønsaker og urter.