Overraskingsposar har hindra bensinstasjonen frå å kaste 2608 måltid
Halvanna år etter at Circle K i Sogndal allierte seg med matreddar-appen Toogoodtogo, har dei redda fleire tusen måltid frå å hamne i boset.
- Me såg at me kvar einaste kveld enda opp med å kaste mat, som var fullt etande. Det ville me gjere noko med, fortel dagleg leiar og franchisetakar, Eirik Trontveit.
Det heile starta då han våren 2020 fekk augo opp for Toogoodtogo. Appen gav stasjonen moglegheit til å selje posar med mat som blei til overs mot slutten av opningstida – til ein gunstig pris.
- Me såg at andre stasjonar hadde gode erfaringar og heiv oss med. Istaden for å fylle containeren med mat som var etande, kunne me på denne måten selje den for ein rimeleg penge. Det blei ein vinn-vinn situasjon for både oss, kundane og miljøet, forklarer Trontveit.
Populært blant studentar og nattarbeidarar
Responsen lot seg ikkje vente på.
- Det blei raskt populært. Både studentar og folk som til dømes skal på nattevakt, har omfamna tilbodet, konstaterer Trontveit.
Halvanna år seinare legg dei flid i å halde interessa oppe.
- Me ønskjer å lage spennande posar med variert innhald, til kundane. Dei inneheld alt frå bollar, bagettar og yoghurt til burritos - og ofte legg me ved ein sjokolade eller noko godt å drikke. Innhaldet vil variere frå dag til dag, men ein er alltid sikra eit måltid – og ikkje berre søtsaker.
- Ver tett på eige sal
Ifølgje appen har dei ved å selje brune posar med overskotsmat, så langt spart miljøet for 6,5 tonn CO2.
- Det er skremmande å tenkje på kor mykje mat som blir kasta, både lokalt og på verdsbasis, så eg håpar fleire vil hive seg på denne trenden. Me tykkjer i alle fall det har vore veldig kjekt og ønskjer å halde fram med tilbodet.
- På kva andre måtar tenkjer du at ein i din bransje kan bidra til å redusere matsvinn?
- Me prøver heile tida å tilpasse og justere produksjonen etter trafikken på stasjonen. Når ein driv butikk handlar det difor mykje om å vere tett på eigen sal, for ikkje å overprodusere. Det tenar verken me eller miljøet på. Så skal ein ikkje ha tomme hyller heller, det handlar om å finne ein balanse, avsluttar Trontveit.