I denne smoothien «reddar» Rasmus skada frukt

Heime hjå Rasmus Mo har smoothie redda mang ei bulka pære eller brun banan frå å hamne i bos.

Heime hjå Rasmus Mo har smoothie redda mang ei bulka pære eller brun banan frå å hamne i bos.

– Om ei pære har fått seg ein liten støyt, er den resterande 90% av frukta nett like god.

Rasmus Mo er snar med å svare kvar restar av juice og småskeiv frukt frå kjøleskapet hans tek vegen. 

– Smoothie er ein enkel og velsmakande måte å få i seg sunne og gode råvarer. Den kan dessutan lagast i uendelege variantar, til dømes ved å tilsetje olje, egg og kanel. Den siste slanten i juicepakken treng ikkje gå i vasken.

Prioriterer eit godt måltid

Sjølv om den avtroppande leiaren i Sogndal Fotball, som også er styreleiar i Teater Vestland, er ein travel type, prioriterer han minuttane det tek å gi kroppen ein god start på dagen. 

– På morgonen er det berre tran og smoothie som gjeld. Berre fantasien set grenser for kor kreativ ein kan vere. Dander smoothien med appelsinbåtar eller lime for ein innbydande kvardagsdrink, eller tilsett knuste isbitar og server til borna som «slush»,  forklarer Mo.

Smoothie har blitt eit fast innslag i heimen.

Smoothie har blitt eit fast innslag i heimen.

Smoothie er også ein favoritt på tur. 

– Er ein ute på fjellet eller i kajakk i dårleg vêr freistar det lite å dra opp nistepakka, då er ei flaske med smoothie eit raskt og friskt alternativ.

Mo nemner også tapas som ein sikker vinnar.  

– Her kan ein nytte restar frå fleire måltid - på nye måtar. Supper er også perfekte til å nytte seg av restar og råvarer som blir til overs.

– Dander og visualiser 

 Sjølv eksperimenterer han gjerne med restemat, gjennom å tilsetje nye smakar og ekstra krydder.

- Det handlar ofte om å legge litt flid i korleis ein presenterer maten, til dømes ved at ein formar kjøtdeigen i artige former. Det treng ikkje ta meir tid, men gjer det litt meir spennande å gå til bords – også når restar står på menyen.

– Handlar i for store volum

Tanken på at så mykje som halvparten av maten me kastar i Sogn, kunne vore ete, engasjerer utvilsamt den entusiastiske Sogndølen.

Korleis trur du me har kome dit at så mykje mat hamnar i bos?

– Eg tenkjer at de handlar litt om kva volum me handlar inn i. Me er for opptekne av å lagre, trass i at me har tilgang til å handle mat nesten døgnet rundt. Difor må me også vere meir bevisste på kor mykje mat me kjøper, og kanskje fokusere meir på å kjøle, fryse og nytte oss av restane.

– Også trur eg det handlar om små ting, som at ein har gløymd å lukke embalasjen til pålegget og den blir tørr eller skorpete. I slike tilfelle er det jo tilstrekkeleg at ein skjærer av biten som er tørr eller storkna, og nyttar seg av resten. I tillegg kan ein ofte nytte kanten på kjøkenbenken til å tømme tuber, då varer kaviaren eller majonesn gjerne 2-3 skiver til.

-  Det høyres ut som du har god kontroll på eige matvareforbruk?

- Eg fyller sjeldan store handlevogner med mat, men prøver å kjøpe det eg veit eg et. Det resulterer i at eg knapt har rest- og matavfall, forutanom kaffigrutet då.

 

Prøv Rasmus Mo sin smoothie-favoritt: 

  • Skogsbær og bananer (eller den frukta du måtte ha tilgjengeleg)

  • Juice (her kan ein også nytte mjølkeprodukt, om det er er å føretrekke)

  • Egg

  • Olje

  • Kanel

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Sigrid Henjum: - Alt smakar betre ute!

Neste
Neste

Overraskingsposar har hindra bensinstasjonen frå å kaste 2608 måltid