Prøv cowboypannekaka til Maria Knagenhjelm

Maria Knagenhjelm frå Kaupanger nyttar mykje grønsakar frå eigen grønsakshage - og kastar lite mat. Her delar ho ein populær middagsrett frå heimen sin.

Maria Knagenhjelm frå Kaupanger nyttar mykje grønsakar frå eigen grønsakshage - og kastar lite mat. Her delar ho ein populær middagsrett frå heimen sin.

Har du gamle pølser, restar frå tacofredagen, sliten brokkoli eller slapp asparges, blir maten som ny i denne restefest-oppskrifta.

– Det er ekstra godt med litt chorizopølse eller bacon. Kutt det du har av kjøt og grønsaker i bitar, og steik det i langpanna i omnen med smør. Når det ser godt steikt ut, tilset du pannekakerøra, slik at ho dekker kjøt og grønt i panna, fortel Maria Knagenhjelm.

Knagenhjelm er oppteken av miljø og gjenbruk, og kastar så og si ikkje noko mat. I tillegg har ho og familien eigen grønsakshage.

– Me har høner, så det me ikkje et, får dei som fôr. Men me har ikkje mykje mat som ikkje blir ete. Me er oppteken av matsvinn og kvir oss ikkje for å ete mat som har gått ut på dato, fortel ho.

Sjølvdøypt middagsrett

Knagenhjelm har difor valt å dela ein av favoritt-restemat-oppskriftene i heimen, nemleg cowboypannekaka. Eigentleg er det svigermor si oppskrift, men namnet har ho laga sjølv.

– Eg måtte få ungane meir nysgjerrig på middagsretten. Og nå ar det blitt ein fast middag. Du kan ta det du har av restemat og hive røra over.

Knagenhjelm oppmodar sogningane til å finne fram til si eigen favorittoppskrift til pannekakemiddagen, eller sjølvklart bruke hennar variant.

– Du kan godt køyre på med dobbelt så mange egg som det står her! Jo fleire egg, jo fleire protein. Du kan også prøve deg fram med kor mykje grovt og fint mjøl du tek i røra. Fordelen med cowboypannekake er at du kan hjelpe ungane med leksene eller nytte høvet til å lese avisa mens den steiker i omnen. Det er lett å ha mange på besøk med slik middag, det er berre å køyre på med meir egg, mjøl og mjølk.

Dottera Åsa (6) bidrege gjerne med å lage cowboypannekake.

Dottera Åsa (6) bidrege gjerne med å lage cowboypannekake.

Til og med godt i matboksen dagen etter, synast sonen Torvald (11).

Til og med godt i matboksen dagen etter, synast sonen Torvald (11).

 

Her er Maria si oppskrift

Pannekakerøre:

  • 3 ss smør

  • 300 g kveitemjøl

  • 100 g grovt mjøl (rug eller spelt)

  • 1 ts salt og gjerne litt persille, oregano eller ditt eige favorittkrydder

  • 8 dl mjølk, ev. rømme eller fløte om du har

  • 3-4 eller fleire egg

La røra kvile i 15-20 minutt mens kjøt og grønt steiker i omnen.

 

Pannekakefyll:

  • Pølser, bacon, tacokjøt. Eventuelt kan du lage ein fiskevariant med røykelaks eller anna, om du har det i kjøleskåpet. Dropp kjøt om du vil ha veggis-varianten.

  • Det du har i kjøleskapet av sopp, lauk, brokkoli, blomkål, gulrot, søtpotet, grønkål, tomat, potet i små bitar eller liknande. Poenget er å bruke opp litt av det du har liggjande.

  • Reve ost

  • Litt pepar

Steik cowboypannekaka på 210 grader til den er gyllen og gjennomsteikt.

Også ein dessert-variant

Om du har mykje røre til overs kan du lage dessert i ei mindre form, der du legg eplebitar, eventuelt litt blåbær, kanel og sukker og ein ekstra smørklatt oppi.

– Vips! Og du har dessertpannekake, legg Knagenhjelm til.

 
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Liv Signe: - Ein treng ikkje kaste meieriprodukt

Neste
Neste

Katherines banankake slår ikkje feil - slik hindrar ho og medelevane matsvinn