Vil at du skal endre haldning til plastemballasje

SIMAS-direktør Dagny Ugulsvik Alvik har stor tru på at me kan endre haldning til plastemballasjen.

For mykje plastemballasje hamnar i restavfallet her i Sogn, diverre. SIMAS-kampanjen «Gi plasten nytt liv» har som mål å endre dette.

– Plasten er overalt rundt oss, og sjølv om den skapar hodebry, er den effektiv som emballasje. Han bidrar til å auke levetiden på fleire produkt me finn i daglegvarebutikken. Men det brukast ikkje-fornybare råvarer til å produsere plast, og me som samfunn kastar for mykje av plasten igjen. Han kan jo brukast opp att? Me må gi plasten nytt liv og bli flinkare å resirkulere, påpeikar direktør i SIMAS, Dagny Ugulsvik Alvik.

– Så får produsentane meir resikrulert plast å hente når dei treng ny emballasje, legg ho til.

Avslørt av ny plukkanalyse

Hausten 2024 hadde SIMAS ein ny plukkanalyse for å sjekke avfallet til sogningane. Me rota i avfallet frå ulike delar av Sogn-regionen i fleire dagar. Resultat frå analysen viser at sogningane er flinke å sortere, og at me er blitt merkbart flinkare til å sortere matavfallet.

MEN, meir plastemballasje hamnar i restavfallet no enn før.

I løpet av fjoråret vart over 350 tonn plastemballasje kasta i restavfallet. Det betyr at verdifull plast ikkje går til gjenvinning, men til forbrenning. Det fører til både tap av ressursar og auka klimagassutslepp.

– No veit me kvar utfordringa ligg, og inviterer innbyggjarane til å bli med og gjere noko med det, seier Ugulsvik Alvik.

Den nye informasjonskampanjen til SIMAS blir lansert i alle kanalar i juni 2025.

Ny kampanje skal endre haldningar

Som ein direkte respons går SIMAS i gang med ein ny informasjonskampanje om plastemballasje.

– Ein del av feilsorteringa kjem nok frå usikkerheit. Kva skal sorterast som plastemballasje og kor rein emballasjen må vere?, fortel direktøren.

– Med kampanjen «Gi plasten nytt liv» håpar me å auke bevisstgjering og kunnskapsnivået. Me vil motivere til sortering og gi informasjon om gevinstane ved riktig handtering av avfallet.

Frå tidlegare har SIMAS god erfaring med denne typen informasjonskampanjer.

– Førre kampanje var retta mot sortering av matrestar, og plukkanalysen viste jo at dette har gitt resultat. Sogningane er blitt langt flinkare. No prøvar me det same med plastemballasje, og håpar å sjå ei forbetring til neste plukkanalyse.

No veit me kvar utfordringa ligg, og inviterer innbyggjarane til å bli med og gjere noko med det
— SIMAS-direktør Dagny Ugulsvik Alvik

Må få plasten tilbake i kretsløpet

Når plastemballasje blir resirkulert i staden for brent, altså at den blir sortert i riktig fraksjon - sparar me store mengder CO2 og energi. Faktisk sparar kvar kilo plast som blir resirkulert oss for 2,6 kilo CO2 og 13 kWh energi. Det er nok til å lade ein smarttelefon fleire tusen gongar!

Plasten er ein ressurs, ikkje søppel. Me har allereie brukt råvarer og energi på å lage han, og no må me sørgje for at han kjem tilbake i kretsløpet og blir brukt på nytt.

Bli med på å gjere ei skilnad du óg: Sortér. Resirkulér. Behald plasten i kretsløpet.

Sjå kampanjen:

Gi plasten nytt liv

Plasten er ein ressurs, ikkje søppel.

Korleis kan me gi plasten nytt liv?

Sjå kampanjen her

Ingvild Hagen

Ingvild er digital marknadsførar i Gasta design & kommunikasjon. Ho jobbar fast med mange av kundane våre, og er eksperten vår på digital annonsering.

ingvild@gasta.no

Forrige
Forrige

Frå takhage til tallerken – slik har ViteMeir lukkast med SIMASkompost

Neste
Neste

Ledig stilling: Logistikk- og transportmedarbeidar