Ledig stilling: Logistikk- og transportmedarbeidar
Vår nye medarbeider vil få ei viktig rolle på miljøstasjonen vår i Festingdalen (Sogndal).
Kvar sogning kastar om lag 400 kg avfall i året. Alt dette ser me ressursar, og vårt mål er å få "“Ressursar på rett veg”. No er me på jakt etter ein ny kollega som kan hjelpe oss i arbeidet.
Ledig stilling: Logistikk- og transportmedarbeidar
Avfallsbransjen har ei sentral rolle i det grøne skiftet, og i eit samfunn som skal gå over til sirkulær økonomi. Som logistikk- og transportmedarbeidar vil du bli ein del av eit tverrfagleg fellesskap med dyktige kollegaer som har ei viktig rolle i lokalsamfunnet.
Arbeidsoppgåver er i hovudsak jobbe på vekta og ta imot næringskundar. Du får ansvar for koordinering av avfall ut frå Festingdalen, å registrere avfall og logistikk av transport til og frå. Du blir med andre ord ein viktig ressurs for alle kollegaene som arbeider på miljøstasjonen.
Hjå oss vil du få jobbe innan eit spennande fagområde, med kjekke kollegaer og konkurransedyktig løn. Me ønskjer oss deg som ser moglegheiter, tek initiativ og som er glad i å lære nye ting - og som gjerne har erfaring frå avfallsbransjen og/eller utdanning innan logistikk eller transport.
Vurdering av kandidatar med innkalling til intervju vil skje fortløpande, så ikkje vent med å søke.
Arbeidsstad: Festingdalsvegen på Kaupanger i Sogndal kommune
Omfang: Fast, heiltid
Søknadsfrist: søndag 22. juni 2025
Interessert? Søk via Jobbnorge