Gi plasten nytt liv

I fjor kasta me over 350 tonn* plastemballasje i restavfallet i Sogn. Det kunne spart oss energi til 400 millionar mobilladingar!

Plasten er ein ressurs, ikkje søppel.
Me har allereie brukt råvarer og energi på å lage han.
No må me bruke han på nytt.

Sortér. Resirkulér. Behald plasten i kretsløpet.

*Tall frå SIMAS si plukkanalyse hausten 2024.

Korleis gir du plast-emballasjen nytt liv?

Tøm, skyl, rist og kast. Me tek plasten vidare i kretsløpet!

NB! Ha emballasjen opp i plastsekken, utan plastpose rundt. SIMAS-sekken som har små hol som tåler at sekken blir komprimert før transport.

Slik gjer du:

  1. Tøm emballasjen for matrestar (er det mygla og ekkelt, nyttar du eit redskap for å skrape ut maten)

  2. Skyll emballasjen i kaldt vann, hjelp til med ein børste om nødvendig. Flasker og behaldare med lokk kan fylles med vatn og ristas.

  3. Rist emballasjen for å la vatnet renne av. La den eventuelt tørke litt i vasken (mykje vatn kan danne mugg på emballasjen og redusere kvaliten)

  4. Sortér emballasjen i behalder for plast. Behaldaren tømmast i plastsekken og setjast ut ved tømming.

Kvifor gi plastemballasjen nytt liv?

Plast er eit syntetisk materiale med mange fordelar: Det er slitesterkt, lett, kostnadseffektivt og fleksibelt. Det kan verken ruste eller råtne.

Plast er motstandskraftig mot vatn og kjemikalier, og behovet for vedlikeholdt er minimalt. Dette gjer at plast er svært egna til mange produkt.

Me har aukande bruk av plast, og vi nyttar aller mest jomfrueleg plast. Det krev mykje olje, og ikkje minst energi.

Men plast kan smeltas om og nyttast igjen i nye produkt. Plasten forten ikkje å hamne i restavfallet eller i naturen.

Men då må du og me sørge for å gi plasten nytt liv!

Lurer du på kva plasten du sorterer blir til?

Her får du ei historie frå Lerum.

Myter og fakta om plastemballasje:

Kjelde: sortere.no

Visste du at?

  • I fjor samla vi inn 250 tonn plastemballasje i Sogn.

  • 1 kg plast gjennvunnet har spart oss for utslipp frå om lag 13 km køyring med bensinbil.

  • Om all plasten me hadde sendt til gjennvinning hadde blitt til ny plastemballasje, hadde me spart utslepp frå 11.904 turar fram og tilbake mellom Årdal og Høyanger kommune.

Tal frå SIMAS og sortere.no.

Fakta om plastemballasje

  • For kvar kilo plast me resirkulerer, sparer me to kilo olje.

  • Ved å sortere og gjenvinne éin kilo plastemballasje, kuttar me utslepp tilsvarande rundt 2,6 kilo CO₂ – samanlikna med å lage ny plast frå olje. Det svarer til cirka 13 kilometer med bil som går på bensin.

  • I tillegg sparer me rundt 13 kWh energi per kilo plastemballasje som blir resirkulert. Det er nok til å lade ein moderne smarttelefon om lag 1300 gonger.

Tal frå sortere.no.