Nasjonal kampanje: Me må bli betre på sortering av glas- og metallemballasje
Det blir diverre levert mykje rart i behaldaren for glas- og metallemballasje, også i Sogn. Den nye nasjonale kampanjen “Berre emballasje er emballasje” har som mål å endre dette.
– Både glas og metall er effektivt som emballasje fordi det bidreg til å auke levetiden på mange produkt i daglegvarebutikken. Men det brukast ein del ikkje-fornybare råvarer til å produsere desse, og då er det viktig at me bruker desse opp att, forklarer rådgivar for berekraft i SIMAS, Jørn Mortensen.
Formålet med behaldaren for glas- og metallemballasje er altså å samle inn denne typen emballasje for seg sjølv, sånn at han kan brukast på nytt.
Jørn Mortensen er rådgivar for berekraft i SIMAS. Her frå plukkanalysen i 2024 der SIMAS undersøkte korleis sogningane sorterer avfallet sitt.
– Då kan ein ikkje kaste alt mogleg anna laga av glas og metall oppi samme behaldaren, seier Jørn.
Ein enkel hugseregel
Sjølv om sogningane faktisk er blant dei beste på sortering av glas- og metallemballasje, ser ein likevel at det hamnar mykje rart i behaldaren:
Frå gamle postkasser og steikepanner, til porselen, krystallglas og til og med dusjslanger.
Men det er altså slik at berre det som er emballasje, skal i behandlaren for glas- og metallemballasje.
– Ein fin hugseregel er at når du har ei tom glasflaske, hermetikkboks, metallform eller glaskrukke som har inneheldt mat eller drikke - ja, då er det emballasje, tipsar Jørn.
Leverast til Fredrikstad frå heile landet
Glas- og metallemballasje som blir samla inn i Sogn, og i resten av landet, blir sendt vidare til Sirkel sitt anlegg i Fredrikstad. Dette er eit av verdas mest moderne attvinningsanlegg. Her blir emballasjen sortert til råvarer, som igjen blir om til nye produkt.
Jo betre sortert leveransen inn til Sirkel er, dess betre klarer ein å attvinne materiala.
Og siden problemstillinga med feil avfall i behaldaren for glas- og metallemballasje gjeld heile landet, har Sirkel no gått i gang med den nasjonale kampanjen “Berre emballasje er emballasje”. Denne skal gå i digitale kanalar i heile juni, og SIMAS kjem også til å delta.
Me håpar abonnentane våre vil vere litt ekstra obs på problemstillinga no i juni, men óg ta med seg gode vanar inn resten av året, avsluttar Jørn.
Slik sorterer du glas- og metallemballasje:
✅ Ja takk
Hermetikkboksar, påleggstube i metall, syltetøyglas, drikkeboksar og glasflasker utan pant
❌ Nei takk
Tilgrisa emballasje, spiker og skruer, kaffikanne, keramikk, postkasse, kniver, gryter og panner, porselen, krystallglas
Andre SIMAS-kampanjar:
Gi plasten nytt liv
Plasten er ein ressurs, ikkje søppel. Tøm, skyl og resirkuler!
Bli ein matreddar
Nesten 50 % av all maten me kastar i Sogn kunne vore eten. Det vil me gjere noko med!