Gassbehaldar i Grushola
Lever farleg avfall på nærmaste miljøstasjon!
For litt sida blei ein av våre sjåførar møtt av eit syn som vekker dårlege minner. Det har knapt gått tre år sida Johnny, ein av renovatørane våre, opplevde eksplosjon i kammeret på renovasjonsbilen han køyrde. Då glas- og metallemballasje ved Grushola i Sogndal sist skulle tømmast, låg det ein haug med gassbehaldarar på toppen i dunken. Som du sjølv kan sjå på bilete, er behaldarane tydeleg merka med symbol for eksplosjonsfare. Heldigvis låg gassbehaldarane på toppen, slik at me unngjekk ein potensiell ny eksplosjon i kammeret på ein av våre bilar, som i verste fall kan bety personskade!
Farleg avfall er … farleg! Difor er behaldarar og emballasje alltid merka med symbol som informerer om kva type fare omsynslaus handtering kan føre til. Farleg avfall skal leverast på din nærmaste miljøstasjon!