Ny vinnar i Returkartonglotteriet
Denne veka hadde eg nok ein gong gleda av å ringje ein vinnar av Returkartonglotteriet til Grønt Punkt Noreg og gratulera han med ein premie på 10.000 kroner, fortel Jørn Mortensen, rådgjevar kommunikasjon og berekraft hjå SIMAS.
Denne gongen var det Steinar Strandos frå Høyanger som vart den heldige vinnaren.
Steinar Strandos
Strandos kunne fortelja at det var gamal vane å skylje, brette og stappe drikkekartongar til kubbar og skrive telefonnummer på. Det har vore nokre periodar utan telefonnummer, men kjekt at det vart med denne gongen!
Mortensen hjå SIMAS fortel at han benytta moglegheita til å til spørrje vinnaren om kva han tenkjer om kjeldesortering, svaret var gledeleg: Ypperleg med kjeldesortering, absolutt noko å streva etter - Steinar Strandos. Mortensen vedgår at ein som nettopp har vunne 10.000 kroner kanskje er meir open til å seie gode ord om kjeldesortering, utan at det skal redusera verdien på sitatet til Strandos.
Kanskje det er deg Mortensen ringjer neste gong? Alt du treng er kartongemballasje, tusj til å skriva på telefonnummer og eit abonnement hjå SIMAS så me får henta inn ressursane! Me vél å avslutta dette innlegget med dei kjærkomne gode orda om handteringa av bosset, avfallet, tinga, sekundære råvarene, eller enkelt og greit ressursane- om du vil;
Ypperleg med kjeldesortering, absolutt noko å streve etter!
- Steinar Strandos