Feirar 1 år med ombruksbutikk i Sogndal
Dagleg leiar Lise Høllen i Poden & Boden Sogndal på 1-årsdagen 13. juni 2026. Foto: Poden & Boden Sogndal
SIMAS er stolte av å samarbeide om ombrukskonsept saman med Poden & Boden på Thon Senter Sogningen.
Les også: Klart for ny ombruksbutikk i Sogndal
SIMAS arbeider for å endre lokalsamfunnet mot ein meir sirkulær økonomi. Me har spesielt stort fokus på auka ombruk og materialgjenvinning av naturressursar.
For å oppnå dette vil me leggje til rette for meir ombruk i Sogn og har skipa satsinga SIMAS Ombruk. Som ein del av dette har me har inngått samarbeid med bruktbutikken Poden & Boden på Thon Senter Sogningen i Sogndal.
I butikken finn du eit “SIMAS-hjørne” med alt frå skiutstyr til bøker, møblar og pyntegjenstandar. Dette er gjenstandar som har blitt levert inn til ombruksbuene på miljøstasjonane våre, og som me deretter har frakta til Poden & Boden.
Gjennom samarbeidet med butiken er det mange ting som har fått nytt liv i ny heim - er det ikkje flott?
Me synest det er fantastisk med eit slikt ombrukstilbod i Sogndal og takkar for det gode samarbeidet!
SIMAS Ombruk
Bli betre kjend med satsinga vår på ombruk.