SIMAS Ombruk på Facebook

Me vil gjere det enno enklare for folk i Sogn å velje ombruk. No kan du sjå kva som finst på ombruksstasjonane på vår heilt nye Facebook-side.

Me har oppretta ei eiga side på Facebook der me legg ut bilete av kva som er å finne på dei ulike miljøstasjonane våre.

I kampen mot klimaendringane er det mykje vi kan gjere for å bidra til å redusere CO2 utslepp og slitasje på naturen.

FN har laga ei liste over 17 berekraftsmål verda skal jobbe for. SIMAS er mellom anna i gong med arbeidet som handlar om klimamål 12 (ansvarleg forbruk og produksjon).

For å bidra til å redusere uthenting av råvarer og material frå naturen kan vi bli flinkare på ombruk.

Det finst fleire gode alternativ til å selje, byte og kjøpe brukt med grupper på sosiale media og gjenbruksbutikkar.

SIMAS ynskjer å gjere det endå enklare for innbyggjarane i Sogn ved å opprette ombruksstasjonar på dei ulike miljøstasjonane våre. Neste gong du er innom med eit lass, kanskje noko kan setjast igjen der slik at andre kan få nytte av det?

Nokre døme på kva du kan finne på miljøstasjonane:

Forrige
Forrige

Mugg på osten - ete eller kaste?

Neste
Neste

Strandryddeveka 2022