Rull med plastsekkar blir utlevert i veke 40 og 41
Ny rull med plastsekkar blir levert når du set ut papirbehaldaren i september/oktober.
I uke 40 og 41 får alle husstandar utlevert ny rull.
Kvar bueining får utlevert ein rull med plastsekkar til plastemballasje.
Hugs å setje ut behaldar for papp- og papir for tømming i desse vekene, då renovatøren legg rullen oppå denne. Om ikkje behaldaren er sett ut, kan du henta ein rull gratis på tenestetorget eller miljøstasjonen innan ein månad etter utlevering.
Har du behov for ekstra plastsekkar? Om du har gått tom for posar før ny utlevering, bra jobba med sorteringa! Gebyret du har betalt dekker ein rull, om du treng fleire får du kjøpt dette på miljøstasjon.
Større sameige? Styreleiar eller representant for sameige tar kontakt per telefon eller e-post for å bestille.
NB! Nytt av i år er at bioposar til matavfall ikkje automatisk blir levert ut, fordi ein no kan knyte ein biopose på behaldaren når som helst, og få ny rull av renovatøren. Større sameige og bedrifter kan ta kontakt for bestilling