Godt oppmøte på offisiell opning av ny miljøstasjon i Årdal
Sist laurdag vart det offisiell opning av ny miljøstasjon i Årdal. For ordens skuld; det har vore mogleg å levera avfall på miljøstasjonen sidan juni. Men no vart det altso offisiell opning med talar, musikkinnslag og gratis levering av avfall.
«Det var kjekt å sjå litt kø utanfor porten før opning» seier Jan Frode Bolstad, leiar for miljøstasjonane, den vart opna 10.00 og det var jamn straum av besøkande fram til porten vart lukka 14.00.
Ordførar Christian Sønstlien held tale
Fyst ut på talarlista var Dagny Ugulsvik Alvik, direktør i Simas, som gav ros til dei involverte i utbygginga og løfta fram den gode kvaliteten på kjeldeutsorteringa til Årdølane. Vidare nytta ho anledninga til å utdjupa kvifor god sortering og omstilling til ein «sirkulær økonomi»(system der ingenting er avfall) er viktig for samfunnet og planeten.
Christian Sønstlien, ordførar i Årdal kommune var neste på talarstolen, han kom med framoverlente gode ord om utviklinga i handtering av ressursane me har henta ut frå naturen, og at dette med samfunn i samspel med natur ligg i ryggmargen på Innbyggarane i Årdal.
Prosessen med utbygging og det gode samarbeidet mellom utbyggar, Årdal kommune og Simas blei løfta fram gjennom talen til leiar for utbyggingsprosjektet, Andre Laberg- leiar for teknologi og utvikling hjå Simas.
Me takkar for gode ord frå dei som var til stades på markeringa og gjennom dagen, og me takkar Årdalstangen musikklag for livlege tonar!