Om du har fått ei retting på fakturaen

Frå 01.01.2025 har vi gjort om på definisjonen av  kategoriar for hytterenovasjon. Her er to av dei vanlegaste kategoriane:

      • Kategori 1 gjeld hytter som driv med utleige

      • Kategori 2 gjeld for hytter som har ein av desse: veg  til hytta, vatn og innlagt straum

 

Ved ein feil har nokre fritidsbustadar i kategori 2 blitt fakturert for kategori 1 i første termin våren 2025. Dei som var ramma av dette betalte meir enn dei skulle. Dette er korrigert for i fakturaen du får eller har fått no.

Etter korrigeringa for andre termin har du til saman har betalt riktig årsbeløp for 2025.

Korleis ser eg om fakturaen er korrigert?

Dersom du var ein av dei som betalte faktura med feil kategori våren 2025, vil du sjå eit beløp i minus og eit beløp i pluss på fakturaen. Det betyr at fakturaen er retta for feilen i første termin.

Forrige
Forrige

Rull med plastsekkar blir utlevert i veke 40 og 41

Neste
Neste

Opning av ny miljøstasjon i Årdal laurdag 27. september