Fagdagen Sirkulære Sogn er over for denne gong.
For ei tid sidan heldt Jørn Mortensen eit innlegg på Tekstildagen, der han snakka om utsortering av tekstilar og klede – eit viktig tema i arbeidet mot betre ressursutnytting.
Torsdag 13. november arrangerte me Sirkulære Sogn i samarbeid med Sogn kompetanse, Lærdal kommune, Aurland kommune og Sogn næring. Arrangementet var i år ein del av Teknologiveka i Årdal, og årets tema var tekstil.
Fyrste del av dagen bød på spanande og innsiktsfulle føredrag frå forskarar, næringslivsaktørar og andre fagfolk som jobbar med tekstilar – anten gjennom produksjon, handtering av avfall eller kunnskap om tekstilindustrien. Etter lunsj heldt me fram med eit forskings- og utviklingsmøte, der deltakarane fekk dykke djupare inn i utfordringar og moglegheiter innan tekstilfeltet.
På kvelden inviterte me til reparasjonskveld, i samarbeid med husflidslaget. Her kunne deltakarane få hjelp, inspirasjon og gode tips til korleis ein kan reparere, forlenge levetida på eller re-designe eigne klede. Ei praktisk og lærerik avslutning på ein dag med tekstil i fokus.