Ein fiks ferdig julekalender for småbarnsfamiliar

Frå alle oss til alle dykk: ein fiks ferdig julekalender!

Sortere.no har laga ein fiks ferdig julekalender skreddarsydd til småbarnsfamiliar. Print ut, heng opp og len deg tilbake med god samvit. Denne kalenderen er nemleg heilt fri for småting og plastdingsar. Bra for deg, bra for miljøet og skikkeleg koseleg for barna! 

GODE JULEMINNER: Julekalendaren består av aktivitetar som barna vil hugse som gode juleminne. Foto: LOOP

Sortere.no har samla gøyale aktivitetar som ikkje krev altfor mykje innsats i ein travel desember-månad,  som å mate fuglane, ha julebrus-test, gå på kino, være oppe så lenge du vil eller seie “god jul” til alle du møter. Legg nivået der du sjølv ønsker og vel dine 24 favorittar blant våre 36 forslag. Eller lag dine eigne aktivitetar som passar din kvardag. Det er berre å sjå fram til ein desember fylt opp med masse hygge og gode juleminne for barna.  Lykke til og god adventstid!

Psst! Sortere.no har tatt utgangspunkt i aktivitetar som er enkle å gjennomføre og som produserer minst mogleg avfall. Fleire av aktivitetane er ting mange uansett bruker førjulstida til. Ta vare på lappane, så kan du gjenbruke kalenderen til neste år også!

SKRIV UT, KLIPP OG SETT SAMAN: Last ned julekalendaren vår og skriv han ut. Set saman dei aktivitetane og datoane som passar for dykk, og heng han opp. Foto: LOOP

Så lett lagar du julekalenderen:

  1. Skriv ut julekalenderen, vel mellom farge eller svart/kvitt

  2. Klipp ut tala og vel 24 aktivitetar av våre 36 forslag.
    Du kan også skrive eigne idear på dei tomme lappane. 

  3. Sett saman aktivitetar og datoar som du sjølv ønsker. 

  4. Fest dei ferdige lappane saman på ei snor, eller legg
    lappane inn i kalenderen du har frå før.

Julekalenderen frå Sortere passar for barn frå ca 3 til 10 år

Last ned julekalendaren her
Forrige
Forrige

Fagdagen Sirkulære Sogn er over for denne gong.

Neste
Neste

Unngå at avfallet frys fast