Frukostmøte Kaupanger

Torsdag 22. januar 2026, kl. 07.30 - 09.30, Vitemeir 2 Skarpeteigvegen Kaupanger.

Velkommen til frukostmøte på ViteMeir! På vegne av Sogn Næring/Sogn Biohub og SIMAS skal Bioland gjennomføre ei energikartlegging og analyse av moglegheitane for etablering av pyrolyseanlegg på Kaupanger Industriområde.

Vi ynskjer å invitere lokalt næringsliv og andre interessentar for å lære meir om planane, kome med innspel og få innsikt i moglegheitane i dette prosjektet. Eit pyrolyseanlegg kan potensielt produsere store mengder varme som kan transporterast og utnyttast som oppvarming i nærliggande bygg.

Program

07:30 Frukost

08:00 Velkommen

08:05 SIMAS vil gi ei kort innføring i pyrolyseprosjektet PyroLYSE utsikter, der SIMAS og partnarane arbeider for å etablere eit sirkulært verdikjedesamarbeid for biokolproduksjon på Kaupanger. Ho vil dele innsikt frå arbeidet med å kartlegge ressursgrunnlag, teknologival og mogleg energibruk frå eit framtidig pyrolyseanlegg.

08:25 Vestlandsforsking har gjennomført ei materialstraumsanalyse der dei har kartlagt bilogisk overskotsmateriale på Kaupanger, samt nokre fraksjonar frå eit større geografisk område. Dei vil presentere funna frå dette arbeidet, og fortelje om deira syn på korleis desse resurssane kan best utnyttast.

08:45 BioLand er ein norsk leverandør av løysingar innan fornybar energi. Dei prosjekterer, leverer og byggjer energianlegg basert på mellom anna biobrensel, solkraft og pyrolyse. Selskapet har lang erfaring med utvikling av komplette energisentralar, frå planlegging og søknadsprosess til ferdig drift. Under arrangementet vil dei dele erfaringar og vise korleis eit pyrolyseanlegg kan utnytte lokale ressursar og bidra til grøn verdiskaping på Kaupanger industriområde.

09:30 Avslutting

Arrangementet er gratis og ope for alle!

Velkommen!

Forrige
Forrige

Julas sorteringsguide

Neste
Neste

Julegåver med ekstra omtanke og kjærleik – og gjerne ombruk