Fyll på med kompostjord i hagen

Planlegg neste års frodige hage allereie no.

Det er ingen grunn til å tru at hagesesongen nærmar seg slutten når det går mot haust. Fyll heller på med god kompostjord - me har 50 % ut oktober!

SIMAS har mykje god kompost, utvikla av våtorganisk avfall frå abonnentane våre. Dette er næringsrik jord du kan spe på med i hagen.

Hausten er ein fin tid for å fylle på med kompostjord, om du vil gå ein enda grønare vår i møte.  

- Det er smart å førebu hagen til vinteren. Grunnlaget ein legg no har mykje å seie for kva resultat ein kan vente seg til våren, fortel Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS - og legg til:

- Kompostjord er eit rimeleg og effektivt verktøy for å lukkast med frodig vekst. Jorda er rik på karbon og mikroorganismar, med næringsstoff som blir frigjort gradvis over tid gjennom heile vekstsesongen, forklarer Ugulsvik Alvik.

Gi vekstane dine eit lag «isolasjon»

Ein kan til dømes plante busker og tre før kulden kjem. Før nattefrosten slår til, kan det også vere lurt å tenkje på plantene som treng eit ekstra lag vern mot den norske vinteren.

- Ein kan til dømes nytte seg av rein kompostjord til å dekke rundt planter i bed, eller strø på plenen, gjerne med eit lag lauv på toppen. Då har plantene det betre gjennom vinteren, seier Ugulsvik Alvik.

Her blir våtorganisk avfall kompostert med høg varme.

Kompostjorda ligg i rankar før ho vert klar til bruk.

50 % på all kompostjord

Utvalet av kompostjord dekkjer ulike behov rundt om i Sogn sine hagar.

Parkkomposten kan nyttast der det ikkje skal dyrkast etelege vekstar. Dersom ein skal plante tre eller busker kan det vere lurte å blande rein kompost med stadeigen jord, eller å nytte seg av miksblandinga vår.

Nytt deg gjerne av SIMAS sitt tilbod på kompostjord. Me har mykje kompostjord me ynskjer at abonnentane skal få nytte, så me gir 50% rabatt på all kompostjord ut oktober.

Les meir om SIMASkompos, eigenskapar og pris.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Takhagen på ViteMeir spirer og gror med SIMASkompost

Neste
Neste

Anlegge plen? Prøv kompostmix