Har fått kjeft for fargen på boscontaineren - no gir han seg

– Det har vore så gale at eg har fått kjeft fordi containeren vart blå og ikkje grøn. Med det er ikkje det direktørstillingen dreiar seg om. Det er samfunnsoppgåva og  avfallsbransjen si haldning til klimautffordingane som er fokus.

– Det har vore så gale at eg har fått kjeft fordi containeren vart blå og ikkje grøn. Med det er ikkje det direktørstillingen dreiar seg om. Det er samfunnsoppgåva og avfallsbransjen si haldning til klimautffordingane som er fokus.

– Trass litt kjeft, er dette den mest spennande oppgåva eg har teke på meg. Det handlar ikkje om bos, det handlar om samfunnsoppdraget vårt og kva me i Sogn gjer med jorda vår.

Det seier Hallvard Thomassen om direktørstillinga si, ei stilling han har hatt sidan 2010. No vil han gjere noko anna.  

– Det er ein utruleg spennande jobb. Det handlar om korleis me vil ha det framover. Me kan ikkje nytte av jordas ressursar slik me gjer no, då hadde me trengd 3,6 klodar. Korleis kan me i avfallsbransjen gjere ein forskjell og korleis drar me med oss lokalbefolkninga?, undrar han.

Fin arbeidsplass

Thomassen ønskjer seg ikkje vekk frå SIMAS, men ønskjer eit litt anna fokus. Han ønskjer å jobbe meir med utviklingsprosjekt, men tenker tida er moden for at nokon andre styrer skuta.

– Det er sunt med endringar. Og for meg sjølv er det sunt å ikkje ha ein slik stilling for lenge. Men SIMAS er ei flott arbeidsplass med mykje kompetente og fine folk. Så eg håpar å bli her nokre år til, eg er ikkje heilt klar for pensjonisttilvære enno, seier 61-åringen.

I SIMAS er me vande med å få litt kjeft av abonnentar som møter overfylte containerar eller auka gebyrsatsar.

– Det har vore så gale at eg har fått kjeft fordi containeren vart blå og ikkje grøn, og det gjekk over lang tid. Me står saman i SIMAS og snakkar med kvarandre om det. Og folk flest er hyggeleg og takkar oss for jobben me gjer. Me har tal på at over 80 prosent av abonnentane er nøgd.

Viktig rolle i samfunnet

SIMAS og direktørstillinga har ei viktig rolle i samfunnet, ei rolle som berre blir viktigare framover. Det skjer mykje i avfallsbransjen, med stadig fleire krav og lovpålagde endringar, noko som vil endre på korleis ting vert gjort i dag.

– Det er det som gjer avfallsbransjen så spennande. Bos er ei ressurs og fokuset på sirkulær økonomi er viktigare enn nokon gong. Me er flinke til å tenke gjenbruk i SIMAS og ha fokus på nyvinning og innovasjon. Eg håper og trur folk ser kva som skjer i kulissane og ikkje trur at me berre køyrer rundt og samlar inn bos.

– No som EU si «Grønn giv» (European Green Deal) er på bordet, vert det stilt forventingar og krav til oss og alle abonnentane våre. Dette er ein strategi for grøn vekst som skal sikre meir berekraftig og konkurransedyktig Europa. Me er flinke på kjeldeortering i Sogn, men me kan bli enda flinkare til å bruka ressursane om att .

– Og slagordet vårt «Ressursar på rett veg» er viktigare enn nokon gang. Så eg gler meg til å møte vår nye direktør. Han eller ho får ei viktig og spennande oppgåve.

 

Sjå Halvard fortelje om stillinga:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Få full oversikt med tømmekalender på mobilen

Neste
Neste

SIMAS-kompost på plass hjå ViteMeir