Stort engasjement på Gjenvinnerdagen

I går hadde me besøk av ei politikarsamling med stor slagkraft. Me håper og trur dei vil setje avfallsbransjen på dagsorden.

– Dette er ein bransje i enorm utvikling. I løpet av dei siste to åra har det skjedd meir utvikling her i Festingdalen enn det gjorde dei 10 åra før det, fortalde SIMAS-direktør Hallvard Thomassen.

For viktige ting skjer. EU sitt avfallsdirektiv blir strengare for kvart år og frå og med 2023 må alle norske kommunar sortere matavfall ut frå restavfallet. Dette har me i SIMAS drive med sidan 2002 og har lang og god erfaring.

Det er dette me håpar politikarane som møtte opp fekk sjå: Eit SIMAS med høgt fokus på klima og miljø. Dette er viktig i valkampen og me håpar politikarene erfarte viktige ting dei kan ta tak i. Det er ikkje berre snakk om sluttbrukerane. Produsentane og dei som sett regelverket må ta eit større ansvar, og då må politikarane på banen.

– Så det er flott å sjå at 22 politikare tok turen til Festingdalen. Så og si alle parti stilte, utanom Høgre og Frp, fortel Thomassen.

I tillegg møtte lokalpressen opp. Les sakene i porten.no og Sognavis.no.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

SIMAS-kompost på plass hjå ViteMeir

Neste
Neste

Har du baderomsfliser til overs?