Plastflaska di kan bli til ny saftflaske frå Lerum

Hans Christian Bjerketveit, direktør for forsyning og forretningsutvikling i Lerum.

Lurer du på kva plasten du sorterer blir til? Her får du ei historie.

Me håpar du er flink til å sortere plasten, og ikkje kaste han i restavfallet. For det er mange produsentar som nyttar resirkulert plast i sin emballasje, og som jobbar for å redusere bruken av jomfrueleg plast.

Lerum frå Sogn er ein av dei. Dei har gjort resirkulering til ein viktig del av kvardagen – og jobbar heile tida for å redusere plastbruken.

Resirkulert plast i alle flaskar

Korleis brukar dei resirkulert plast i produkta sine? Me har tatt ein prat med Hans Christian Bjerketveit, direktør for forsyning og forretningsutvikling i Lerum.

I dag består alle Zeroh- og saftflaskene frå Lerum av 30 prosent resirkulert plast, medan dei populære klemprodukta ligg på heile 50 prosent.

Mykje av dette materialet kjem frå Noreg, takka vere panteordninga som gjer at flasker faktisk blir til nye flasker. Også krympeplasten som blir brukt i frakt og emballasje er laga av resirkulerte råvarer.

– Me klarer ikkje å unngå å bruke plast, men me kan bruke han smartare. Dei siste åra har me klart å redusere plastforbruket med heile 100 tonn i Noreg og Sverige, i tillegg til at vi bruker meir resirkulert plast, fortel Bjerketveit stolt.

Kvalitet set grenser

Kvifor ikkje bruke endå meir resirkulert plast? Svaret ligg i kvaliteten. Når mengda resirkulert plast blir for høg, påverkar det både farge og struktur på emballasjen.

Bjerketveit fortel at Lerum har prøvde flasker med 80 prosent resirkulert plast, men resultatet vart lite delikat:

– Me må balansere miljøomsyn med eit produkt folk faktisk vil kjøpe.

Frå sukkersekkar til oppdrett

Arbeidet stoppar ikkje med flaskene. Internt finn Lerum òg nye måtar å ombruka materialar på.

– Sukkersekkane me kjøper i store mengder blir selde vidare til oppdrettsnæringa i staden for å gå i søpla. Plast frå produksjonen blir sortert og sendt inn i nye kretsløp, fortel Bjerketveit.

Sjølv om dei har kome langt, er Lerum klare på at dette berre er byrjinga. Nye metodar, som kjemisk resirkulering, kan gjere det mogleg å bruke endå større delar resirkulert plast i framtida.

– Pant og sortering er heilt avgjerande. Utan det får produsentane våre rett og slett ikkje tak i råvaren, seier Bjerketveit.

For Lerum handlar dette ikkje berre om å følgje lover og krav, men om å gjere plasten grønare,  flaske for flaske.

 

Vil du vite meir om resirkulering av plast? Sjå plastkampanjen vår Gi plasten nytt liv.


 

Hugs å resirkulere flaskene frå Lerum – dei blir til nye flasker.

Klemflaskene blir sorterte som plast. Under ser du korleis du vaskar klemflaska før sortering. Film: Lerum

 

Zeroh- og saftflaskene frå Lerum inneheld 30 prosent resirkulert plast. Foto: Lerum

Forrige
Forrige

Grøn Fredag i Sogndal

Neste
Neste

Møte i representantskapet 24. oktober 2025