Grøn Fredag i Sogndal
Som ein motvekt til Black Friday arrangerer SIMAS i lag med fleire organisasjoner ein grøn heilaften på fredag.
Bruker me om att, i staden for å lage nytt, sparar me miljøet for mykje unødvendig slitasje. Som ein motvekt til kjøpepresset under Black Friday, blir det arrangert ein grøn heilaften fredag 29. november i Det gule huset i Sogndal.
Her blir det sal av brukte klede og friluftsutstyr, føredrag og ein grøn quiz.
Bruktmarknaden vil og vere open laurdag. Då blir det og rebus der alle born er velkomne til å delta. Følg med på Facebook-arrangementet for meir informasjon.
Arrangementet er i regi av SIMAS i lag med Framtiden i våre hender, Trivselssentralen, Det gule huset og Sogn næring.
Når? Fredag 29. november kl. 16-20
Kor? Det gule huset i Sogndal
Gratis inngang - velkomen!
Finn brukte skattar på miljøstasjonane
SIMAS ynskjer å gjere det enklare for innbyggjarane i Sogn å velje ombruk. Difor har me oppretta ombruksstasjonar på dei ulike miljøstasjonane våre.
Neste gong du er innom med eit lass, kanskje noko kan setjast igjen der slik at andre kan få nytte av det?
Følg gjerne med på SIMAS Ombruk på Facebook, der me legg ut bilete av kva som er å finne på dei ulike ombruksstasjonane.