Ny undersøking: Me kastar mindre mat enn i 2015

Foto: Ida Hveem/Loop.no

Ei fersk undersøking viser at nordmenn no kastar om lag ti prosent mindre etbar mat enn me gjorde i 2015. Det går rett veg, men me har fortsatt ein jobb å gjere.

Hausten 2020 undersøkte me i SIMAS avfallet til sogningane, og resultata sjokkerte oss. Nesten halvparten av all maten me kastar kunne vore eten.

Å førebygge og redusere matsvinn er heilt sentralt for ei berekraftig utvikling. På verdsbasis blir omtrent ein tredel av maten som produserast, øydelagt eller kasta.

Frå plukkanalysen til SIMAS hausten 2020.

Kastar mindre enn i 2015

Ei heilt ny undersøking har for første gong kartlagt omfanget og mengden matsvinn i alle sektorar i verdikjeden for mat i Noreg.

Resultata viser at me i Noreg kasta om lag 85 kg etbar mat per innbyggjar i 2020. Det er nesten ti prosent mindre enn i 2015.

Likevel ikkje nådd målet

– Det er fint å sjå at matsvinnet i Noreg har gått ned dei siste åra, seier Dagny Ugulsvik Alvik i SIMAS.

– Men diverre har det ikkje gått ned så mykje som ein håpa på. Målsettinga har vore ein reduksjon på 15%, og undersøkinga viser at me ikkje har klart dette målet. Så me har framleis ein veg å gå, forklarar ho.

Regjeringa sitt overordna mål er at det totale matsvinnet i Noreg skal kuttast med 50 prosent innan 2030. I desember kom Hovudrapporten for 2020 ut. Det er denne undersøkinga tala er henta frå.

Hushaldningane kastar mest

Ser ein nærmare på tala i undersøkinga som kun gjeld hushaldningane, er ikkje forbetringen like stor. Sidan 2015 har matsvinnet i private heimar gått ned med berre 6 prosent.

Nær halvparten av all etbar mat som blir kasta, er det vi som kastar i boset heime. Det innebar heile 261.000 tonn mat i 2020.

Oppfordrar sogningane til å bli matreddarar

– Juleønsket frå oss i SIMAS er at sogningane har fokus på å kaste mindre mat no i juletida som kjem, seier Alvik.

– Eit tips kan vere å ete seg ut av kjøleskapet før ein handlar inn til jul, og å bli betre på å planlegge innkjøpa. Sjekk i det minste kva du har i kjøleskapet før du handlar inn.

– Og ikkje gløym at det er mykje godt ein kan lage av restane frå julematen, avsluttar ho.

Sjå matreddar-tips frå folk i Sogn:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Endra tømmeruter jula 2021

Neste
Neste

Endra opningstider på miljøstasjonane jula 2021