Tilskot til kjøp av tøybleier
No kan du søke om tilskot på kjøp av både nye og brukte tøybleier.
Me ønskjer å redusere bruken av eingongsprodukt baserte på ikkje-fornybare råvarer. Tøybleier er eit meir miljøvenleg alternativ som kan redusere avfallsmengda betydeleg.
For å leggje betre til rette for berekraftige val har Simas gjort endringar i tilskotsordninga for tøybleier. No kan du få tilskot både ved kjøp av nye og brukte tøybleier. Med denne endringa ønskjer me òg å støtte ombruksmarknaden i Sogn og stimulere til meir gjenbruk.
Som abonnent i Simas kan du få eit eingongstilskot på inntil 1000 kroner per barn. Tilskotet dekkjer inntil 50 prosent av kjøpesummen. For å få tilskot må du sende ein enkel søknad til Simas og leggje ved kvittering som dokumenterer kjøpet.
Me håpar fleire vil nytte seg av ordninga og bidra til mindre plastavfall og meir berekraftig forbruk i regionen.
Vil du vite meir om tøybleier?
Det er mykje gode tips og råd på ulike grupper på Facebook, til dømes: